NRK Meny
Normal

Minnesmarkering etter Sleipner-forliset

I dag er det 15 år sidan hurtigbåten «Sleipner» forliste like nord for Haugesund.

Minnesmarkering ved Ryvarden

Minnemarkering etter Sleipner-forliset på Ryvarden i kveld.

Foto: Kristoffer Møllevik

Det var uvêr då katamaranen M/S «Sleipner» var på veg nordover frå Stavanger til Bergen om kvelden 26. november 1999.

Med 79 passasjerar og eit mannskap på ni om bord gjekk båten på skjæret Store Bloksen nær Ryvarden fyr ved Bømlafjorden litt etter klokka 19 på kvelden. Det var mørkt og to-tre meter høge bølger.

Etter kort tid sokk båten og 16 menneske omkom i ulukka.

I kveld, på dagen 15 år etter ulukka, er det minnemarkering ved Ryvarden fyr.

Tove Følid er leiar i støttegruppa etter Sleipner-forliset. Ho er i kveld ei av dei som deltar på minnemarkeringa.

Tove Følid

Tove Følid, leiar i støttegruppa etter Sleipner-forliset.

Foto: NRK

– Det er ein spesiell dag. Me har eit heilt spesielt samhald me som er berørt av ulukka, og det er godt å snakka med andre som forstår kva du slit med, seier ho på veg ned til Ryvarden.

Ho fortel at mange overlevande, pårørande og redningsmannskap slit etter den tragiske novemberkvelden i 1999. Sjølv mista ho ein son i ulukka.

– Eg bearbeidar ulukka gjennom å jobba for støttegruppa. Det hjelper meg å få lov til å arrangera desse markeringane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vraket av hurtigbåten Sleipner

Vraket av hurtigbåten «Sleipner» (arkiv).

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

– Det var kaotisk

Magnus Larsen var kaptein på skipet «Espeværsekspressen» ulukkeskvelden, og var med på å redda fleire frå Sleipner.

– Det som møtte oss først var masse tomme livbelte med lys på. Då seterekkene kom rekande skjøna me at dette var alvorleg, fortel kapteinen.

Larsen sende ein frå mannskapet i baugen på båten med eit tau. Planen var å slepa «Sleipner» i livd. Men då dei gjorde dette forsvann bakenden på «Sleipner» ned i havet og det blei heilt mørkt.

– Då me bebynte å lysa flaut heilt havet med folk. Me heiv ut tau til dei som låg der og drog om bord ein etter ein. Heilt til me hadde redda 21 personar, fortel kapteinen.

Han var livredd for å reka over nokon av dei som låg hjelpelause i sjøen.

Minnesmarkering ved Ryvarden
Foto: Kristoffer Møllevik

– Derfor måtte me vri båten slik at me heile tida låg med rette sida til. Det var kaotisk.

– Korleis har hendinga prega livet ditt i etterkant?

– Eg blir ikkje kvitt menneska i sjøen, ropa og skrika den kvelden. Det sit fast i hovudet mitt og kjem opp igjen når eg les om ulukka eller andre hendingar i avisa.

– Ein spesiell dag

Gro Haukøy Osaland mista mora i Sleipner-forliset. Ho tok i dag buss frå Stavanger til minnemarkeringa på Ryvarden.

– Det er ein spesiell dag. Det er lenge sidan ulukka nå, men det er alltid spesielt å komma ut og sjå både Bloksen og steinen, seier ho.

Ho synst det er fint å møta andre pårørande ho var i lag med i ei spesiell tid etter ulukka for 15 år sidan.

– Nå har det gått lang tid, men livet mitt har vore veldig spesielt i mange år. Både i samband med høgtidsdagar og når saka har kome opp i aviser og media. Det er har vore medietrykk i alle år og det å mista mor si er aldri enkelt, fortel ho.