Hopp til innhold

Milliondryss til gamle båtar

Mange freda og verna båtar har i dag fått pengar frå Riksantikvaren. Her kan du sjå kor mykje dei ulike båtane har fått.

Jøsenfjord 1975

JØSENFJORD (1975): Slik såg rutebåten Jøsenfjord ut ein vakker sommardag i 1975 på Skartveit i Ryfylke. Båten blei kjøpt tilbake til Norge i 2011 og i 2017 skal det brukast meir enn tre millionar kroner på å setja den i stand.

Foto: Tor Øvregaard

Det er dei gamle båtane frå Rogaland som har fått det største stykke av kaka når Riksantikvaren nå har delt ut 60 millionar kroner til antikvarisk istandsetting av verna og freda båtar.

Meir enn 11 millionar kroner er delt ut til sju veteranbåtar i Rogaland.

Dei største satsingane som blir vidareført i år er mellom anna lokalbåten «Jøsenfjord» frå 1886 og fiskekuttaren «Fremad II» frå 1888.

«Fremad II» får heile fem millionar kroner.

– Me hadde søkt om meir, men må seia oss godt nøgde med at me nesten fekk ti prosent av den totale utdelinga, seier Svein Ramsland i veneforeininga som jobbar med å fiksa opp «Fremad II».

Han fortel at båten for tida ligg i Nordheimssund i Hordaland, og at den truleg ikkje vil vera ferdig pussa opp før 2019.

Her kan du sjå kva båtar som har fått pengar i kva fylke:

Slik er dei 60 millionane fordelt

Byggeår

Type

Tilskot

Troms

Flid I

1940

Fiskefartøy/fangstfartøy småhval

75000

Fuglø

1877

Fraktefartøy

1 093 902

Grytøy

1954

Bygderute

3 000 000

Svenja

1932

Fiskefartøy, kutter

450000

Signe I

1908

Fiskefartøy, skøyte

471250

Sum Troms

5.090.152

Nordland

Bolga

1952

Fangstfartøy, småhval

81000

Gamle Salten

1953

Kyst-/Hurtigrute

500000

Glimt II

1933

Fiskefartøy, kutter

978150

Nordstjernen

1937

Fiskefartøy, kutter

450000

Sum Nordland

2.009.150

Sør-Trøndelag

Epo (ex. Rødskjæl)

1914

Tankskip, mineralolje

250000

Stoksundferja

1963

Bilferge, fjordferge med sidehus

1 800 000

Hansteen

1866

Forskningsfartøy, seildampskip

910000

Sum Sør-Trøndelag

2.960.500

Møre og Romsdal

Hindholmen

1916

Fiskefartøy, ex. fiskedampskip

180000

Sum Møre og Romsdal

180.000

Sogn og Fjordane

Gamle Solundir

1972

Passasjer/snøggbåt

226320

Stangfjord

1933

Skyssbåt

40000

Stavenes

1904

Dampdrevet lokalskip

1 000 000

Sum Sogn og Fjordane

1.266.320

Hordaland

Bergseth

1915

Fraktefartøy, sandbåt

50000

Bjørn

1866

Vanntankskip, ex. Dampslupp og brannbåt

50000

Eitrheim

1937

Arbeidsrute

350000

Folgefonn

1938

Bilferge, fjordferge med overbygg

100000

Granvin

1931

Bilførende lokalskip

2 000 000

Nordstjernen

1956

Hurtigruten Bergen-Kirkenes

750000

Skånevik

1967

Bilferge, fjordferge med overbygg

597200

Vestgar

1957

Sjøbuss

1 400 000

Sum Hordaland

5.297.200

Rogaland

Andholmen

1938

Fiskefartøy / Shetlands-båt

50000

Ekar

1915

Fraktefartøy

951855

Fremad II

1888

Fiskefartøy, kutter

5 000 000

Jøsenfjord

1886

Bilførende lokalskip

3250000

Riskafjord II

1864

lokalskip

500000

Rogaland

1929

Kystruten Oslo-Bergen

840000

Sandnes

1950

Nattruten Sandnes-Stavanger-Bergen

660000

Sum Rogaland

11.251.855

Aust-Agder

Aril

1975

Redningsskøyte

100000

Sum Aust-Agder

100.000

Buskerud

Greven

1953

Slepebåt, tømmer

35000

Sum Buskerud

35.000

Telemark

Ammonia

1929

Dampdrevet jernbaneferge

353000

FDV-Rjukanbanen

(vedlikehold ferger og fergeanlegg)

2 477 000

Gamle Kragerø

1961

Bilferge, fjordferge med sidehus

66770

Storegut

1956

Jernbaneferge

3 241 875

Hans Martin

1918

Slepebåt, betongskrog

40000

Sum Telemark

6.178.645

Vestfold

Jærbuen II

1898

Lystfartøy, seilbåt

873000

Sum Vestfold

873.000

Oppland

Skibladner

1856

Dampdrevet hjulbåt

3 000 000*

Sum Oppland

3.000.000

Akershus

Mjøsfergen

1923

Bilferge, pendelferge

780000

Minneslippen

(slippanlegg for verneflåten i Mjøsa)

1 389 250*

Sum Akershus

2.169.250

Oslo

Børøysund

1908

Dampdrevet lokalskip

1 300 000

Hamen

1949

Lasteskip, utenriksflåten

500000

Sjøbad II

1923

Badeferge

1 256 600

Styrbjørn

1910

Dampdrevet slepebåt

380000

Sum Oslo

3.436.600

Østfold

Fix

1891

Slepebåt

792500

Hvaler

1892

Lokalskip

408000

Jelse

1760 ca.

Fraktefartøy, seilskip

750000

Sum Østfold

1.950.500

Ekspander/minimer faktaboks