Hopp til innhold

Midtdelarar til ein milliard kroner

Midtdelarar på vegstrekningen Arsvågen-Aksdal kostar ein millard kroner.

Midtdeler

Midtdelarar som dette er dyrt. Nå vurderer Vegvesenet andre tiltak. Illustrasjonsfoto.

Foto: Håvard Zeiner / NRK

Det kan fort bli dyrt å satsa på midtdelarar for å få ned talet på møteulukker i Rogaland.

– Berre på strekningen Arsvågen-Aksdal er prislappen ein milliard kroner, seier regionvegsjef Olav Ellevset.

Vegvesenet vurderer derfor andre og billegare tiltak for å betra trafikktryggleiken.

Les også: Vil minske risikoen for møteulykker

Sinusfelt

Eit av tiltaka er såkalla sinusfelt. Dette går ut på at det blir frest spor midt i vegen. Desse spora lagar sterk lyd når bilen køyrer over i motsett køyrefelt.

– Tiltaket reduserer møteulukker med omlag 40 prosent, seier Svein Ringen i Veg- og transportavdelinga i Statens Vegvesen.

Blir prøvd ut i sørfylket

I dag blir sinusfelt prøvd ut på ein kort strekning på E39 i sørfylket og i ein noko lenger strekning i Hordaland. Men det er planar om meir.

– Det blir bygd sinusspor på strekningar på tilsaman drygt to mil på Vestlandet i år, seier Ringen.