Hopp til innhold

Med laks frå Hjelmeland til Spania

Med 17 tonn oppdrettslaks i vogntoget drog sjåfør Stein Wangen og vår reporter frå Hjelmeland til Zaragoza.

Vogntog (illustrasjon)
Foto: Ingvald Nordmark / NRK

17 tonn med oppdrettslaks i vogntoget til ein verdi av 600 000 kroner. Med denne lasta drog sjåfør Stein Wangen og vår reporter Ingvald Nordmark, frå Hjelmeland i Rogaland til Zaragoza i Nord-Spania. Fire døgn tar turen og denne veka kan du høyre skildringar frå reiseopplevinga i morgonsendinga til NRK Rogaland og NRK Hordaland.

 

Norsk oppdrettslaks på fiskemarknad i Spania
Foto: Ingvald Nordmark / NRK

 

 I høgsesongen drar 7-8 trailarar kvar dag frå Hjelmeland med fersk oppdrettslaks. Målet er forskjellege land på kontinentet. Av all laks som vert seld i Spania, så er mellom 70 og 80 prosent oppdrettslaks frå Norge.

Livet på vegen

Sjåfør Stein Wangen søv første natta i eigen lugar ombord på danskeferja som går frå Bergen, via Egersund og til Hanstholm. Deretter er det overnatting i sjølve hytta på vogntoget dei neste tre nettene. Då stoppar han på kjente "truck-stops" langs vegen, der han veit at maten er god og der det er god sjanse for å treffa kjente kollegaer. 

Tilbaketuren

Vel framme vert vogntoget lossa på eit mottak. Bilen vert spylt og desinfisert inne og ute. Deretter tar Wangen kontakt med hovedkontoret sitt på Nor Cargo Thermo, som han kjører for. Etter kort tid får han beskjed om returlast og kor den skal hentast og leverast.

 

Stein Wangen i Zaragoza
Foto: Ingvald Nordmark / NRK

 

 Om sjåføren

Stein Wangen har vore langtransportsjåfør i nærare 30 år. Han har kjørt Norden og Europa på kryss og tvers med all slag last. Wangen bur på Bjorøy i Hordaland når han ikkje er ute med vogntoget.

Reiseruta

  • Dag 1: lasting på ettermiddag i Hjelmeland i Ryfylke og kjøring til kaien i Egersund. Danskeferja kom omlag kl. 01:30.
  • Dag 2: frå Hanstholm i Danmark til grensa mot Nederland.
  • Dag 3: frå Nederland, via utkanten av Paris til nord for Bordeaux.
  • Dag 4: via Pyrenèene til Zaragoza i Nord-Spania.