Hopp til innhold

– Eg er lei meg for det som har skjedd

Førre veke var han ein av dei beste spelarane i norsk førstedivisjon. Nå skriv Malaury Martin at han er lei seg for korleis avskjeden med Sandnes Ulf blei.

Malaury Martin

Franske Malaury Martin har vore ein av dei beste spelarane i førstedivisjon i år. Tidlegare har han mellom anna spelt for Blackpool og Middlesbrough. Her frå Sandnes Ulf sin kamp mot Lillestrøm, då dei lyseblå var i eliteserien i fjor.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Malaury Martin til Sandnes Ulf

Malaury Martin blei henta til Sandnes Ulf i 2014.

Foto: Sandnesulf.no

– Først vil eg berre sei at dette ikkje hadde nokon ting å gjera med spelarane eller trenaren, skriv Malaury Martin i eit brev til NRK.

På sundag var han Sandnes Ulf-spelar, men overraska alle då han nekta å spela den viktige kampen mot Bryne FK. Onsdag fekk han kjøpa seg fri frå kontrakten sin, og nå er han på veg heim til Frankrike, klubblaus enn så lenge.

I kjølvatnet av boikotten har saka fått stor merksemd i media, men hovudpersonen har heldt seg taus. Nå har han likevel vald å gå ut med ei skriftleg melding til NRK.

Udokumenterte påstandar

Tom Rune Espedal

Tom Rune Espedal er dagleg leiar i Sandnes Ulf. Han ønsker nå å få Martin-saka ut av verda.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg er lei meg for det som har skjedd, men eg må tenka på meg sjølv og familien min. Eg håper at grunnane mine for å gjera det eg gjorde kjem godt fram og ikkje blir misforstått, skriv han.

Han kjem med ei rekke udokumenterte påstandar om Sandnes Ulf og pengeutbetalingar om kvifor han valde å boikotta kampen mot Bryne. Det som likevel er på det reine er at det over lengre tid har vore ei pengekonflikt mellom klubben og Malaury Martin.

Dagleg leiar i Sandnes Ulf Tom Rune Espedal seier at klubben har sitt på det tørre.

– Me har følgd alle avtalane med hadde med Martin. Dersom det er nokon som ikkje har sitt på det tørre er det han, og ikkje Sandnes Ulf, seier han.

På onsdag signerte også dei to partane ei kontrakt der dei er samde om å leggja det heile bak seg.

Fotballbloggar Lars Fisketjøn

Lars Fisketjøn er journalist i Gjesdalbuen og bloggar om lokalfotball.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kan få eit omdømeproblem

Dei siste åra har ei rekke spelarar gått hardt ut mot Sandnes Ulf i media. Sjølv om dei fleste berre er misnøgde med å ikkje få den speletida dei trudde dei skulle få, meiner fotballbloggar at Sandnes Ulf byrjar å få eit omdømeproblem.

– Dialogen mellom klubbleiinga og spelarar er ikkje god nok når det gong på gong kjem saker der spelarar føler at dei har blitt lova noko som klubben ikkje innfrir, seier Fisketjøn.

Han meiner likevel at det er Martin som er taparen i denne konkrete saka.

– Men når slike saker stadig kjem opp i media kan Sandnes Ulf gå frå å ha omdøme som Askeladden til å bli den store stygge ulven, seier han.

Espedal seier at dei alltid jobbar for å bli betre.

– Me har kanskje ikkje vore flinke nok til å snakka med ei røyst innanfor det sportslege apparatet, men nå føler eg i alle fall me har ein veldig bra tone og dialog med spelarane, seier han.

Martin har ikkje svart på oppfølgingsspørsmål NRK har stilt han i samanheng med brevet.

Flere nyheter fra Rogaland