Hopp til innhold

Kan bli vanskelegare å koma seg vekk

Den franske Sandnes Ulf-spelaren Malaury Martin nekta i går å spela kamp fordi han vil vekk frå klubben. Boikotten kan ha gjort vondt verre ifølgje trenar Bengt Sæternes.

Malaury Martin

Malaury Martin signerte i 2014 toårskontrakt med den dåverande eliteserieklubben Sandnes Ulf.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg hadde ein lengre samtale med han før kampen der eg prøvde å snakka han frå det, men han trudde tydelegvis at klubben ville frigjer han frå kontrakten dersom han nekta å spela mot Bryne, fortel trenar Bengt Sæternes til NRK dagen etter dei slo Bryne 3–2 på heimebane.

Bengt Sæternes

Bengt Sæternes er trenar i Sandnes Ulf, som for tida ligg på opprykkplass i førstedivisjon.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Sigeren kom utan den franske midtbanespelaren Malaury Martin, som dagen før lokaloppgjeret gav beskjed om at han nekta å spela. Dette etter han har starta 15 kampar i årets sesong.

– Har skada ryktet sitt

Martin, som kom til Sandnes Ulf i 2014, vil nemleg tilbake til å spela fotball på eit høgare nivå, men klubben vil ikkje løysa han frå kontrakten før dei får inn bod på han, ifølgje Sandnesposten.

Dermed er situasjonen for den tidlegare Middlesbrough-spelaren denne: Han er i ein klubb som ikkje vil løysa han frå kontrakten, samstundes som han både blir nekta å trena med A-laget. Å spela kamp er også uaktuelt. Kontrakten går ikkje ut før om seks månader.

I tillegg meiner trenaren at Martin har skada ryktet sitt ved å nekta å spela kamp. Noko som kan gjera det vanskelegare å koma seg vekk frå Ulf.

– Det har i alle fall påverka ryktet hans i Norge, men kanskje også utanfor landet. For klubbane føl godt med, og dei ønsker seg spelarar som føl reglane, seier Sæternes.

– Ingen kommentar

Han legg til at han personleg ønsker Martin alt godt.

– Denne situasjonen er veldig synd sidan han er ein bra gut og ein god fotballspelar.

Til Sandnesposten seier dagleg og sportsleg leiar Tom Rune Espedal at dei så langt ikkje har fått inn eitt einaste bod på franskmannen, men at dei lenge har vore kjende med at han vil vekk frå klubben.

NRK har snakka med Malaury Martin om saka, men på nåverande tidspunkt ønsker han ikkje å kommentera saka.