NRK Meny
Normal

Byrjar å sjå smitteeffekten av oljenedgangen

No gjer ringverknadane til nedgangstidene i olja seg for alvor synlege. Ikkje sidan september i fjor har NAV i Rogaland fått melding om så mange oppseiingar og permitteringar. Også jobbar i hotell- og bygg og anleggsnæringa forsvann.

NAV

NAV i Rogaland har fått varsel om 2370 oppseiingar og permitteringar i juni.

Foto: Hans Erik Weiby

– Me har fått signal om at det kom til å bli høge tal, men det verkar likevel alltid sterkt når du får summert opp tala til slutt, seier direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl.

I juni fekk NAV i Rogaland varsel om 1607 oppseiingar og 763 permitteringar. Det har ikkje vore like mange i løpet av ein månad sidan september i fjor.

Ser ringverknadane

Mesteparten av oppseiingane og permitteringane er i oljebransjen, men tala viser også at oljenedgangen får konsekvensar for andre bransjar.

Truls Nordahl

Direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl seier at ein no byrjar å sjå smitteeffekten av nedgangen i olja.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

– Me byrjar å sjå smitteeffekten til andre bransjar som har stor avhengnad av olja. Me ser nokre oppseiingar innanfor hotell og nokre innanfor bygg og anlegg, seier Nordahl.

Trur tala vil halde fram med å auke

I hotellnæringa er det om lag tjue, medan i bygg og anlegg var det litt under hundre tilsette som mista jobben eller vart permitterte i juni. Nordahl trur fleire vil miste jobben i bransjar som er nært knytte til olja i tida som kjem.

– Når olja no nedbemannar så har det smitteeffektar til andre bransjar. Hotell er ganske openbart, dei er sterkt avhengig av olja. Og enkelte bygg- og anleggsprosjekt er også avhengige av at olja tener pengar, seier Nordahl.

På fredag kjem nye tal på arbeidslause i Rogaland. NAV trur dei vil vise at arbeidsløysa held fram med å auke i oljefylket.

– Me er uroa for at det skal ta ei stund før dette går over, seier Nordahl.