Hopp til innhold

2016 blir tøft år for byggebransjen

Byggebransjen i Rogaland merkar pessimismen i marknaden, som kjem av dei dårlege tidene i olja. Dei siste månadane har 45 tilsette mista jobben.

Stans i byggebransjen.

VIDEO: Etter mange gode år går det dårlegare for byggebransjen. Jadarhus kan bli nøydde til å seia opp 14 tømrarar.

Frå å vera ei vekstbedrift i mange år, har vinden snudd for eit av dei største byggselskapa i regionen, Jadarhus.

– Tidlegare låg folk i sovepose for å få fatt i våre produkt. Dei er ikkje i soveposane lenger fordi tilbodssida er mykje større. Dermed er det mindre press på kjøparane og dei har lenger tid til å bestemma seg, seier administrerande direktør Rune Hatlestad i Jadarhus.

14 kan mista jobben

Rune Hatlestad

Rune Hatlestad, administrerande direktør i Jadarhus.

Foto: Arild Eskeland

Pessimismen i marknaden gjer det vanskeleg å selja nye bustadar. For Jadarhus betyr det at dei mest sannsynleg må seia opp 14 tilsette.

– På tømrarsida har me varsla at 14 personar kan bli sagt opp. Me er i ein drøftingsperiode kor me kjem til å summera opp på måndag, seier Hatlestad.

Håpet til direktøren er at så mange som mogleg av dei 14 kan få jobb i rehabiliteringsselskapet til Jadarhus. Det går godt om dagen og har mykje arbeid.

(Artikkelen held fram under bilete).

Østerhus

Østerhus merkar at rogalendingane vegrar seg for å kjøpa ny plass å bu.

Foto: Arild Eskeland

Østerhus: – Det går tråare

Karl Sandvig

Karl Sandvig, dagleg leiar, Stavanger Byggmeisterlaug.

Foto: Arild Eskeland

Østerhus er blant dei største byggselskapa i Rogaland. Også dei merkar at rogalendingane vegrar seg for å kjøpa ny plass å bu.

– Kundane er avventande og det går tråare med kvart enkelt sal. Kundane bruker lenger tid på å kjøpa, seier konsernsjef Njål Østerhus.

Blant medlemmene i Byggmeisterforbundet Rogaland er det om lag 45 tømrarar som er oppsagt i år, i tillegg til ein del administrative folk.

Fryktar 2016

Karl Sandvig i Stavanger Byggmeisterlaug fryktar situasjonen i byggebransjen blir endå verre neste år.

– 2016 blir eit veldig tøft år. Det kan resultera i nye oppseiingar i vår bransje, seier Sandvig, som er dagleg leiar i byggmeisterlauget.

Rune Hatlestad i Jadarhus seier han har kontroll på 2015.

– Men me er spent på korleis 2016 blir. Me innstiller oss på at det kan bli eit lågare nivå.