Hopp til innhold

Må tømma ut fleire tusen liter mjølk etter vogntogvelt

Eit velta vogntog med last på over 200 tonn sperrar vegen til bygd i Rogaland. Verken mjølkebilen eller kraftfôr til dyra kjem fram.

Her går mjølka rett i sluket

MEININGSLAUST: Bonde Torhild Vaarvik Øystad er ikkje glad for at ho må tømma ut fleire tusen liter med mjølk.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Bønder i bygda Kvilldal i Rogaland fortvilar.

– Me er fire bønder som har helt ut fulle tankar med mjølk i sluket, seier bonde Sigrid Bakka.

Det var sist fredag tilhengjaren til eit vogntog velta med ein 210 tonn tung transformator på lasteplanet.

Transformatoren skulle til Kvilldal kraftverk i regi av Statnett, men kom aldri fram og har lege i grøfta sidan. Det same gjeld tilhengjaren.

Fylkesveg 692 i Suldal er no stengd for køyretøy over to meter.

Tilhengjarvelt skapar problem

HER ER PROBLEMET: Denne tilhengjaren og transformatoren er grunnen til at berre låge personbilar kjem fram til Kvilldal i Suldal kommune.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Sigrid Bakka aleine har kasta 1500 liter mjølk.

– Det er meiningslaust å kasta god mat.

Sidan vegen er sperra kjem heller ikkje slaktebil eller køyretøy med fôr til dyra fram til gardane.

Har ikkje nok fôr til dyra

ER UROA: Sigrid Bakka håpar på snarleg løysning. Ho er nemleg snart tom for kraftfôr til kyrne.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eg har lite fôr til dyra, og det er ein vanskeleg situasjon, seier Sigrid Bakka.

Statnett veit ikkje når vegen blir opna att. Det kan ta alt frå dagar til veker.

– Store utfordringar

ABB, som står ansvarleg for oppryddinga, seier at dei jobbar på spreng med å finne løysningar.

– Me beklagar alle ulempene dette har ført til. Me har stor forståing for at dei råka er frustrerte. Me jobbar utan stans med å få på plass løysningar slik at me så snart som mogeleg kan få opna vegen for vanleg trafikk, seier informasjonsdirektør i ABB, Helene Gunther Merg.

Sperra inne etter tilhengjarvelt

Kvilldal i Suldal kommune er delvis sperra inne etter tilhengjarvelt. Berre låge personbilar kjem seg fram.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Når det kjem til spørsmål om erstatning til dei råka bøndene, har ikkje ABB nokon kommentar.

Verdas lengste sjøkabel

Transformatoren som ligg i grøfta no, skal seinare spela ein rolle for sjøkabelen som skal sikra kraftsambandet mellom Noreg og England.

Prosjektet heiter North Sea-link, og Statnett seier at kabelen er verdas lengste straumkabel under sjøen.

Selskapet samarbeider med engelske National Grid på prosjektet som skal stå ferdig i 2020.

Straumkabelen skal ha ein kapasitet på 1400 megawatt. Til samanlikning har Kvilldal kraftverk, som er Noregs største kraftverk, ein kapasitet på 1240 megawatt.

Målet med straumkabelen er å sikre Noreg stabile kraftleveransar og mindre svingingar i kraftprisen.

Med ein transformator i grøfta, har sjøkabelprosjektet fått eit skår i baugen.

Bygginga av verdas lengste kraftkabel til havs i gang i Suldal.

Arkiv: Bygginga av verdas lengste kraftkabel til havs i gang i Suldal.