Denne veka var prosjektdirektøren i Statnett på besøk i Kvilldal. Der fekk han mellom anna prøva seg som skytebas då han tok ei av dei første salvene i milliardprosjektet.
– Det er kjempegøy at me verkeleg er i gang med dette gigaprosjektet nå. Å få lov å delta i det praktiske, slik som i dag, er ekstra moro, seier Thor Anders Nummedal.
Foreløpig ser det ut som ein heilt vanleg byggeplass i Kvilldal. Men om fem år skal den over 720 kilometer lange kraftkabelen mellom Kvilldal i Norge og Newcastle-området i England vera lagt.
- LES OGSÅ:
Redusert nettleige
Det som blir verdas lengste kraftkabel til havs skal sikra fornybar kraft i begge land.
– Dette gir fordelar til begge system, og fordelar til Europa. Primært tenker eg på at det sikrar kraft til begge land, i tillegg gir det verdiskaping, seier prosjektdirektør i Statnett, Thor Anders Nummedal.
– Kva betyr prosjektet for meg som straumkunde?
– Dei gongane det er press på systemet i Norge og prisane er høge, vil me kunna importera, noko som kan dempa prisane, seier prosjektdirektøren.
Han seier at prisnivået totalt sett blir omtrent som dei siste ti åra, og at inntektene ein etter kvart får frå kabelen skal gå tilbake til kunden som reduksjon i nettleiga.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Gir arbeid til Suldal
Gigantprosjektet til opp mot 20 milliardar kroner gir også arbeid lokalt i Suldal og bidrar til at kommunen berre har ein prosent arbeidsløyse, noko som er lågast i heile Rogaland, ifølge NAV sin oversikt for januar.
Og det er ikkje tilfeldig at kabelen har ein av endestasjonane i Kvilldal, ved Noregs største vasskraftverk.
– Det betyr mykje for Suldal at me har dette anlegget, både for anleggsbransjen og overnattingsbedrifter. Det er kanskje ein av grunnane til at me har lågast arbeidsløyse i fylket, seier ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).
Statnett samarbeider med den engelske systemoperatøren National Grid om kraftkabelen som etter planen skal vera ferdig lagt i 2021.
– Me er med på den grøne revolusjonen ved at me gjer det lettare å investera i fornybar produksjon både i Norge og England, seier prosjektdirektør Nummedal.