Hopp til innhold

Får tannlegehjelp på hotellrom

​ Fleire firma tilbyr tannlegebehandling i utlandet, og lokkar med langt lågare priser enn dei norske. I forkant får pasientane konsultasjon på hotellrom i Norge.

Boring hos tannlegen

Tannlegebehandling i utlandet er kome for å bli, meiner selskapet Dental. Men både tannlegeforeininga og fylkeslegen i Rogaland er svært skeptiske.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Konseptet vårt er å tilby pasientane våre behandling i Norge, men også ein mogelegheit for å reise til utlandet for å få den same behandlinga til ein rimelegare pris, seier leiar i Dental, Igor Salai.

Selskapet frå Kristiansand er eitt av fleire som tilbyr denne type teneste, og er ofte i Stavanger for å hanke inn nye kundar.

Der tilbyr dei pasientane ein konsultasjon utført av ein sjukepleiar på eitt hotellrom i byen.

– Eg trur dei sett pris på det møtet dei får her i Stavanger. Dei får moglegheit til å snakke med oss i ein litt uformell setting. Mange har jo tannlegeskrekk, så det er jo greitt å møte oss først, før dei reiser til utlandet for behandling, seier Salai.

Han meiner at konseptet med å gi norske pasientar tannlegebehandling i utlandet har kome for å bli, og at stadig fleire får augo opp for det.

– No har me 30–40 norske pasientar til behandling til ei kvar tid, og talet stig, seier Salai.

Høyr radiosaka

– Ikkje fagleg forsvarleg

– Me har observert at det skjer, og me meiner at det verken bør eller skal forekome denne typen tannbehandling, seier tannlege Hans Terje Helgaland.

Han er leiar i Rogaland tannlegeforeining, og er kritisk til at ukvalifisert personell tar seg av desse kontrollane.

Hans Terje Helgaland

Leiar i Rogaland tannlegeforeningen, Hans Terje Helgaland.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Det er klart at dei er langt utanfor regelverket og bryt med det ein kallar fagleg forsvarleg verksemd. Me meiner at det er ein tannlege som skal gjera dette. Å få ein sjukepleiar til å sjå på tennene dine i fem minutt, er ikkje fagleg forsvarleg, seier Helgaland.

Også fylkeslegen er kritisk til praksisen.

– Ein sjukepleiar har jo ikkje den kompetansen som krevst verken for å kunne diagnostisera eller sette i gong behandling. Så eg ville ha vore svært skeptisk viss eg var pasient i ein slik situasjon, seier fylkeslege i Rogaland, Pål Iden.

Pål Iden

Fylkeslege i Rogaland, Pål Iden.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Temaet har nyleg vore oppe til diskusjon, men han kjenner ikkje til alle detaljane til verksemda.

– Får ikkje erstatning

Tannlegeforeningen er sikker på at mykje av behandlinga i utlandet også er bra, men ber folk tenke seg om to gonger. For dersom noko skulle skje har ein ikkje krav på pasientskadeerstatning.

– Kva gjer du om det skjer noko gale? Skal du då måtte reise til utlandet for å få ein reklamasjon? Det kan jo bli veldig dyrt, seier Helgaland.

Men selskapet Dental er ikkje einig i kritikken.

– Me har halde på med dette i åtte år. Hadde me fått negative tilbakemeldingar så kunne me ikkje ha halde fram. Me har nøgde pasientar, seier leiar i Dental, Igor Salai.