Vil ein ta klaga til domstolane, bør ein ofte ha advokat. Det nye alternativet er heilt gratis.
– Eg tenkjer at dette er positivt. Dette gjer forhåpentlegvis at fleire slike saker blir behandla, seier Ashan Nishantha, direktør i diskrimineringsnemnda.
Diskrimineringsnemnda fekk i år løyve til å avgjera klager om seksuell trakassering er reelle eller ikkje.
Dei kan ikkje påleggja straff til nokon, men kan syta for oppreisning til den fornærma.
Poenget er at det skal fungera som eit lågterskeltilbod til domstolane.
Ikkje enklare å få medhald
– Det som er meint med lågterskel er at det heile er gratis for den som sender inn klage, seier han.
At nemnda behandlar sakene betyr likevel ikkje at skal bli enklare å få medhald, men det skal vera eit alternativ til ei rettsleg avgjerd.
Direktør av diskrimineringsnemnda Ashan Nishantha.
Foto: Diskrimineringsnemnda.no/pressebilderÅ klaga inn til diskrimineringsnemnda er gratis. Det er heller ikkje naudsynt å ha advokat og ein sparar dermed dei utgiftene.
– Dette betyr ikkje at beviskravet er lågare. Det er det same beviskravet hjå oss som i dei ordinære domstolane, seier Nishantha.
På denne måten slepp ein å gå vegen om retten.
Hjelp til prosessen
I utgangspunktet er dette ein skriftleg prosess. Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er pliktige til å rettleia.
Seniorrådgjevar i LDO Helene Jesnes.
Foto: Likestillings- og diskrimineringsombodet– Målet vårt er å opplysa om kva moglegheiter den som har blitt utsett for seksuell trakassering har. LDO opplyser om rettigheiter og arbeidsgjevar sine plikter, kva som er viktig å ha med i ei klagesak, og korleis prosessen for nemnda går føre seg, seier seniorrådgjevar Helene Jesnes.