NRK Meny
Leiteaksjon utanfor Stavanger
Foto: Anders Fehn / NRK

Leiteaksjon utanfor Sølyst

  • Avsluttar søk i Stavanger

    – Me har ingen personar som er sakna, og me har søkt grundig i området. Skuteren har stoppa på grunn av tang og tare som har kome inn i vassinntaket, og skuteren har ingen merker som kan tyda på at det har skjedd ei ulukke, seier vaktleiar Stein Jarle Langvik i Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS).

  • Vasskuteren er stolen

    Det er nå bekrefta at vasskuteren som blei funnen utan førar utanfor Stavanger er stolen. Motoren var varm då skuteren blei funnen, så leiteaksjonen pågår framleis, men utan helikopter. Politiet har vore i kontakt med eigaren av skuteren.

  • Vil ha tips om denne skuteren

    Laster Twitter-innhold
  • Vasskuter funnen drivande

    Det er full leiteaksjon på sjøen ved Sølyst i Stavanger etter at ein vasskuter blei funnen drivande utan førar. Både politiet sin båt, kystvaktbåt og redningshelikopteret til Hovudredningssentralen Sør-Norge er sendt ut. Motoren var lunka. Skuteren er oransje, svart og kvit.