NRK Meny
Normal

Avsluttar leiteaksjonen

Vasskuteren som har utløyst ein stor leiteaksjon utanfor Stavanger er stolen. Nå avsluttar leitemannskapet søket.

Leiteaksjon utanfor Sølyst

Politiet fryktar at det kan ha skjedd ei ulukke i samanheng med at ein vasskuter blei funnen drivande på sjøen her utanfor Stavanger.

Foto: Anders Fehn / NRK

  • SISTE: Klokka 00.27 melder HRS at dei avsluttar søket. – Me har ingen personar som er sakna, og me har søkt grundig i området. Skuteren har stoppa på grunn av tang og tare som har kome inn i vassinntaket, og skuteren har ingen merker som kan tyda på at det har skjedd ei ulukke, seier vaktleiar Stein Jarle Langvik i Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS).

Søket har nå gått føre seg sidan litt over åtte måndag kveld. Då fekk dei melding om ein førarlaus vasskuter som dreiv ved Sølyst i Stavanger, vest for Pinå.

– Det var ein fritidsbåt som kom over ein vasskuteren. Dei varsla oss på kystradioen, fortel Langvik.

HRS kalla opp kystvaktskipet «Tor» som var i nærleiken.

– Dei sette nedpå to lettbåtar, i tillegg til at dei søker med hovudfartøyet. Elles er både politibåten og HRS sitt redningshelikopter ute, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Toralv Skårland til NRK i 22-tida.

Klokka 23.45 bekreftar HRS at politiet har kome i kontakt med eigaren av vasskuteren, som seier at den har blitt stolen frå området ved Lervig brygge.

Helikoptersøk ved Sølyst

Redningshelikopteret til HRS har vore med i søket, men er nå sett på bakken. Det blir ikkje teke i bruk igjen før det eventuelt kjem nye opplysingar i saka, opplyser vaktleiar Stein Jarle Langvik.

Foto: Anders Fehn / NRK

Har gått ut med bilete av vasskuter

Motoren var varm då vasskuteren blei funnen, så dei går ut frå at det kan ha skjedd ei ulukke. Søket held fram, men utan helikopter.

HRS har lagt ut bilete av vasskuteren på Twitter, og ber folk om å tipsa politiet dersom nokon kjenner til den.

– Den er av merke Seadoo og er svart og oransje med kvit sal, seier Skårland.

Laster kart, vennligst vent...

Det er i dette området ein vasskuter utan førar blei funnen drivande, og det er her søket føregår måndag kveld.

Laster Twitter-innhold