Hopp til innhold

Kjærasteparet kom seg i tryggleik – leiteaksjonen er avslutta

– Dei to har sjølve kome seg ned til bygda Kvæstad og fått låna ein telefon. Dei er i god behald, opplyser politiet.

Leiteaksjon i Suldalsheiene

  • Siste: Mannen (26) og kvinna (23) har kome til rette

Politiet og fleire frivillige har i natt leita i fleire timar etter eit ungt kjærastepar som har vore sakna i Suldalsheien. Nå har dei kome til rette.

– Dei blei ikkje funne av leitemannskap, men har sjølv vandra ned til bygda Kvæstad. Her har dei fått låna ein telefon. Dei ringde til faren til mannen, som nå kan fortelja at dei både er i god form og har godt humør, seier operasjonsleiar Trond Børge Åsbu til NRK klokka åtte.

Det var klokka 19 i går kveld at eit kjærastepar la ut på ein fottur til Skardenuten vest for Gullingen skisenter i Suldalsheiene.

– Dette er ein tur som normalt tek halvannan time, men klokka to i natt blei me varsla om at mannen på 26 år og kvinna på 22 år var sakna, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund, Håkon Tornes.

Utfordrande terreng

Politiet kalla i natt ut leitemannskap som har leita gjennom natta og morgontimane etter dei to.

– Det er tung tåke, så leitearbeidet er utfordrande. Terrenget utanfor stiane er myrlendt og tungt, sa Tornes til NRK tidleg onsdag morgon.

Han seier at det både var frivillige frå Røde Kors, ein av politiet sine hundepatruljar og lokale bønder og jaktfolk som var med på leitinga. Helikoptersøk var tidleg om morgonen ikkje aktuelt på grunn av tåke og lågt skydekke.

Hadde telefonkontakt med familien

Dei to sakna nådde aldri fram til Skardenuten på grunn av den tette tåka. Dei kontakta familien med mobiltelefon, då dei hadde kome vekk frå turstien.

Familiemedlemmar reiste først opp for å leita sjølv, men klokka eitt om natta gjekk mobilane til dei sakna tomme for straum. Mørket og tåka gjorde då at familien valde å kontakta politiet.

– Dei skal ha turklede på seg, men ikkje noko ekstra utrusting. Ved siste telefonkontakt gav dei uttrykk for at dei var slitne, sa operasjonsleiaren timar før dei to kom til rette.