NRK Meny
Normal

Nokre utleigebustader til nærmast halv pris

Det er fire gonger så mange bustadar til leige som då marknaden var på det heitaste i Stavanger. Ei leilegheit som gjekk for 20.000 i månaden i 2012, går no for 12.000 kroner.

Visning bolig eiendomsmegler

MYKJE Å SPARA OG MYKJE Å TAPA: Dei som skal leiga bustad kan spara mykje i leigemarknaden no, medan dei som skal leiga ut, ikkje kan forventa å få like mykje som for eit par år sidan.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Det siste året er det veldig mange som ringer oss og spør om nedgang i prisane, gjerne fordi det er reforhandlingar mellom leigetakar og utleigar. Det siste året har det vore mellom 15 og 20 prosent nedgang, seier Grethe Eriksen, avdelingsleiar for utleige hos Eiendomsmegler 1 i Stavanger.

8.000 nedgang på tre år

Grethe Eriksen

SER NEDGANGEN: Eigedomsmeklar Grethe Eriksen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Låg oljepris, kostnadskutt i oljeindustrien og oppseiingar er ei forklaring. Men prisfallet i leigemarknaden kjem også av at det er veldig mange ferdigstilte bustadprosjekt.

– Investorar kjøpte bustadar for eit par år sidan, då dei hadde tru på betre tider. Dei er no klare til utleige, i tillegg har byggefirma nokre uselde leilegheiter, einebustadar og rekkehus som dei treng å få folk inn i, slik at dei ikkje står tomme. Dei blir også leigde ut no, seier Eriksen.

– Det er absolutt leigetakars marknad. Me leiger ut dei same bustadane om att og om att, så me kan sjå kor mykje prisane har gått ned, seier ho.

Eit døme: ei leilegheit i austre bydel i Stavanger som i juli 2012 vart leigd ut for 20.000, gjekk no nettopp for 12.000 kroner. Det er 40 prosent prisnedgang.

Utleigemarknaden i Stavanger

November 2014 (totalt30 bustadar)

November 2015 (totalt 34 bustadar)

Delte bustadar

16.500

12.000

Einebustadar

28.563

26.050

Leilegheit m/1 soverom

11.500

9.300

Leilegheit m/2 soverom

14.136

13.583

Leilegheit m/3 soverom

23.000

15.750

Prisnedgang på 20 prosent i år

Det er veldig mange bustadar for sal i Rogaland, og salet går halvparten så fort som i Hordaland og Oslo.

Også innan utleige er det ein flora av bustader å velje mellom.

– Dette ser eg som særs positivt, både for private leigetakarar og eit bra utgangspunkt i møte med å busetje flyktningar, seier ho.

Meir valfridom, men og ein billigare inngangsbillett til bustadmarknaden.

– I april og mai 2012 var det 187 bustadar på Finn.no. I dag var det 667, seier Eriksen. Berre i år vil prisnedgangen vera på nesten 20 prosent.

Bustadstatistikk det siste året Stavanger

SISTE ÅRET: Slik har utviklinga vore det siste året.

Foto: EiendomsMegler 1 SR-Eiendom AS

70 kvadrat til 8.000

Inger Kristiansen

BUR BILLEG: Student Inger Kristiansen bur billeg, til Stavanger å vera.

Foto: Johan Mihle Laugaland

– Ein får det også mykje meir sentralt enn før, i staden for å bu ute på Randaberg, seier BI-student Inger Kristiansen, som fann leilegheiter på 70 kvadrat til 8.000 kroner og nedover, då ho og sambuaren skulle finna seg ein stad å bu.

På Våland i Stavanger sentrum bur Erik Malmin og tre kompisar i ein nyoppussa femroms til 16.000 kroner i månaden: 4.000 kroner på kvar.

– Det skal me ikkje klaga på, men han me leiger hos forventa at me skulle betala endå meir då me flytta inn. Me forhandla litt for å få prisen ned, seier Malmin.