NRK Meny
Normal

Studentar sparer tusenvis på prisraset

Leigeprisane på bustadar i Stavanger stuper og studentar sparer tusenvis av kroner i året på å forhandla fram betre leigekontraktar. Studentorganisasjonen i Stavanger ber studentar vera frimodige overfor utleigarane.

Stavanger sentrum

Ledige bustadar på leigemarknaden i Stavanger har dobla seg i forhold til for eit par år sidan, ifølge Utleiemegleren. Det nyt blant andre studentar godt av.

Foto: Magnus Stokka

– Me merkar at studentar i større grad spør utleigar om det er rom for å gå ned i pris eller å få baka inn felleskostnader som straum og internett i husleiga, fortel Sverre Gaupås, avtroppande nestleiar i Studentorganisasjonen Stor ved Universitetet i Stavanger.

Og dei fleste lukkast med dette, ifølge Gaupås.

– Det finst eksempel kor studentar i kollektiv har fått både straum og internett innbakt i husleiga, samtidig som at leiga er redusert med 500 kroner i månaden. I løpet av eitt år blir det ganske mange tusenlappar.

Dobbelt så mange bustadar til leige

Sverre Gaupås

Sverre Gaupås, avtroppande nestleiar i Studentorganisasjonen Stor.

Foto: Magnus Stokka

På eitt år har leigeprisane i Stavanger gått ned med 25 prosent, og ledige bustadar å leiga har dobla seg i forhold til for eit par år sidan. I dag er det om lag 700–750 bustadar på leigemarknaden i oljebyen, ifølge Utleiemegleren.

Snittprisen per månad for ein toroms leilegheit er nå 10.500 kroner i Stavanger. Det er nesten tusen kroner rimelegare enn i Oslo.

– Ein trend er at leigetakarane tar seg betre tid, dei ser på fleire bustadar og er medvitne på kva dei får for pengane, seier dagleg leiar Eirik Hauge i Utleiemegleren Stavanger.

Eirik Hauge

Eirik Hauge, dagleg leiar i Utleiemegleren Stavanger.

Foto: Magnus Stokka

Til ein viss grad merkar også Utleiemegleren at studentar og andre forhandlar til seg betre leigevilkår. Hauge understrekar likevel at folk ikkje har rett til å be om lågare leigeprisar.

– Prisen er sett i leigekontrakten og den gjeld vanlegvis i tre år. Men det er klart at dersom ein føler ein betalar mykje meir enn marknadspris, så kan ein ta kontakt med utleigar om pris.

Set ikkje ned prisen

Studentsamskipnaden i Stavanger har om lag 1400 utleigebustadar. Dei har ikkje planar om å setja ned prisane som følgje av prisraset i den private utleigemarknaden.

– Samskipnaden sine bustadar er prisa betydeleg under privatmarknaden frå før. Det me får inn i leigeinntekter må me ha for å dekka kostnadane, seier administrerande direktør, Ellinor Svela.

Den avtroppande nestleiaren i Studentorganisasjonen Stor er opptatt av at studentar får rimelege plassar å bu. Han ber studentar om å ikkje vera redde for å ta kontakt med utleigarane.

– Studentane bør vera frimodige, og ein bør ta initiativ sjølv overfor utleigar. Ein kan også spør andre som har erfaring med dette, seier Sverre Gaupås.