Hopp til innhold

Kolossalt med klossar – og idear

«Kom og bygg din drøymeleikeplass» skreiv Stavanger kommune på invitasjonen til byens unge, og tømde 50000 legoklossar på golvet.

Lego

Venninnene Marte Helgeland (10), Line Meling Skjervik (10) og Erle Hofsli Aune (10) likar å få koma med innspel, og håper å få påverka korleis byen skal sjå ut.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Kva skal me laga? Eg vil i alle fall ha mykje klatring på min leikeplass!

Erle Hofsli Aune (10) er klar for å sleppa skaparkrafta laus på lasset med lego som tårnar på golvet.

Ho og venninnene Marte Helgeland (10) og Line Meling Skjervik (10) er blant dei mange som har møtt opp på Sølvberget i Stavanger for å få vera byplanleggjarar for ein dag.

Viktig å involvera ungane

Kommunen vil ha innspel til byutvikling frå den yngre garde, og det er duka for kreativ utfolding og idédugnad for byens uteområde, særleg for området Madla-Revheim.

Laurdag inviterte dei difor alle mellom 6 og 12 år til å koma og teikna eller byggja sin drøymeleikeplass i lego.

Håvard Bergsagel

Håvard Bergsagel, byplanleggjar i Stavanger kommune og arrangør av ide-verkstaden er imponert over kreative forslag.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det er viktig å involvera ungane i prosessen, det er dei som veit kva som er ein god og engasjerande leikeplass, meiner Håvard Bergsagel, byplanleggjar i Stavanger kommune og arrangør av ide-verkstaden.

– Barn har ganske gode idear

– Me ville koma her i dag fordi me veit korleis ein kjekk leikeplass der me har lyst å vera ser ut, seier Erle.

– Kva synst de om at kommunen ber om dykkar innspel?

– Eg synst det er veldig kult, vanlegvis er det berre vaksne som blir spurde om slike ting. Men nå spør dei barn, og det er jo me som skal leika der. Eg syns dei skulle spør oss om råd oftare!

Venninna Line er einig.

– Barn har ofte ganske gode idear.

– Har du nokon gode idear i dag?

lego

Eit av fleire forslag til ein drøymeleikeplass.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Ja, eg tenker at me skal ha ganske mykje spretting. Trampolinehopping og slikt.

Vil tilarbeida ideane

Jentene byggjer ein prototype med rom for leik og aktivitet, og er denne god nok så kan det hende at dei får testa lego-trampolinane med eigne bein ein dag, ifølgje Bergsagel.

– Nå filmar me forslaga og tek dei med oss vidare i planleggingsprosessen. Me har fått veldig mykje gode forslag allereie, alt frå labyrintar til klatreparkar.

– Me håper å få inn forslag som er så gode at dei kan brukast nesten som dei er, men noko må nok tilarbeidast vidare av arkitektar og landskapsarkitektar.