Hopp til innhold

– Vil gjere at mange gravide får det betre

Åtte av ti gravide kvinner er plaga med kvalme under svangerskapet. Eit legemiddel som er berekna for plagene, er no tilgjengeleg i Noreg for første gong.

Svangerskapskvalme

Ida Kristin Dølmo, Sofie (4), Kaja (10 månader) og Magnus Kvarsnes Steinbakk. Ida Kristin er glad for at ho fekk begge døtrene, men er ferdig med å få barn på grunn av svangerskapskvalmen ho opplevde.

Foto: Marthe Mølstre

– Dette har vore etterlyst lenge. Svangerskapskvalme er svært vanleg, gir redusert livskvalitet for kvinnene og medfører ofte sjukmelding. Å få eit trygt medikament kan gjere at mange gravide får det betre.

Det skriv Jone Trovik til NRK. Ho er spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar, overlege ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Bergen.

I januar vart legemiddelverket Xonvea tilgjengeleg i Noreg. Det er første gong eit medikament som er berekna for svangerskapskvalme blir tilgjengeleg i landet.

Ein av dei som har slite med svangerskapskvalme, er Ida Kristin Dølmo (34) frå Bodø.

Ho pinte seg gjennom ni månader med ekstrem svangerskapskvalme under begge svangerskapa sine.

– Det var heilt forferdeleg å vere gravid, frå start til slutt. Eg var kvalm før eg visste at eg var gravid, og det heldt fram heilt til dagen eg fødde, sa ho til NRK i 2018.

Les også – Jeg var så dårlig at jeg tenkte: Hvis jeg mister babyen nå, er det helt ok

idakristin

– Verste eg har opplevd i mitt liv

Då det var som verst, hadde ho kasta opp tolv gonger før klokka vart 14.

Tre år seinare vart ho gravid igjen.

– Då testen viste positivt, kjende eg på ein skrekkblanda fryd og var kjemperedd for å gå gjennom det same ein gong til. Ti dagar etter kastet eg opp og gjekk i kjellaren med ein gong, seier ho i dag.

Dølmo prøvde både Afipran, Stemetil og Phenergan, men det var berre Zofran som gav henne effekt. Ho var framleis kvalm, men kasta ikkje opp like mykje som før.

Svangerskapskvalme

Ida Kristin Dølmo og Magnus Kvarsnes Steinbakk rett etter at dei fekk vite at dei skulle få eitt barn til. Ti dagar etter kastet Dølmo opp, og gjekk i kjellaren.

Foto: Elise Pedersen / NRK

– Eg vart heilt ubrukeleg som mamma, sambuar og kollega og måtte sjukmeldast frå veke seks. Kvalmen forsvann dagen eg fødde, og eg kjem aldri til å bli gravid igjen. Det er det verste eg har opplevd i heile mitt liv, seier ho.

Ifølgje Helsebiblioteket er så mange som åtte av ti gravide plaga med kvalme, og halvparten av alle gravide kastar opp.

Gravide har tidlegare hatt tilgang på kvalmestillande, men desse medisinane har ikkje hatt svangerskapskvalme som godkjenning, opplyser Trovik.

To av fem har vurdert abort

Eit av dei vanlegaste medikamenta brukt mot svangerskapskvalme er Metoklopramid, også kjend som Afipran. Det er åtvara mot å bruke meir enn fem dagar samanhengande på grunn av risiko for biverknader.

Leder i Norsk gynekologisk forening, Jone Trovik

Overlege Jone Trovik ved Haukeland universitetssjukehus' kvinneklinikk.

Foto: Anne Sidsel Herdlevær / UiB

– Studiar har vist at det året Afipran fekk bruksrestriksjon, auka del kvinner innlagt med ekstrem svangerskapskvalme som avslutta svangerskapet sitt, opplyser Trovik.

Xonvea har vore mogleg å ta i bruk tidlegare, men då på registreringstiltak.

– Det måtte bestillast inn på enkeltapotek, og det er tungvint. Det gjorde at ikkje alle fastlegar tok seg tid til det, skriv Trovik.

Ved ekstrem svangerskapskvalme må kvinna oftast på sjukehus. To av fem kvinner har vurdert abort på grunn av slik kvalme, viste ein nasjonal studie i 2019 utført av Relis og universiteta i Oslo og Bergen.

Xonvea blir brukt mot vanleg svangerskapskvalme, men vil likevel også bli brukt mot ekstrem svangerskapskvalme saman med andre medisinar.

– Mitt håp med å ha fått Xonvea formelt godkjent er at fleire kvinner som treng behandling mot svangerskapskvalme, faktisk får det. Eg håpar også at slik nødvendig bruk forhåpentleg skal hindre at kvalmen blir så alvorleg at ho må på sjukehus, seier Jone Trovik.

Førebels er ikkje Xonvea underlagt blå resept. Det betyr at dei gravide må betale 300 kroner for 20 tablettar.

– Bekymringa mi er at nokon ikkje har råd til å bruke medikamentet over lang tid, sidan det førebels ikkje er godkjent på blå resept.

Tør ikkje ta medisin mot kvalme

Ifølgje ein studie frå 2016, omtalt hos Forskning.no, er det fleire gravide som ikkje tør å ta medisin mot kvalme. Så mange som éin av tre med alvorleg kvalme som deltok i studien, lét vere å ta medikament.

Dei fleste kvinnene oppgav at dei hadde høgare terskel for å bruke legemiddel under graviditeten, og at dei var engstelege for korleis legemidla påverka fosteret.

Likevel forsikrar Trovik og overlege i Statens legemiddelverk, Ingrid Aas, at det er trygt å bruke Xonvea.

Overlege i Statens Legemiddelverk, Ingrid Aas.

Overlege i Statens legemiddelverk, Ingrid Aas.

Foto: Caroline Roka / Statens Legemiddelverk

– Xonvea er eit kombinasjonspreparat av vitamin B6 og antihistamin. Ein svært vanleg biverknad er trøyttleik. Andre vanlege biverknader er svimmelheit og munntørrheit, seier Aas.

Xonvea har vorte brukt i mellom anna USA, Canada og Storbritannia i fleire år.

– I andre land har medikamentskombinasjonen vore godkjent frå 60-talet. Det har ikkje vorte observert risiko for fosterskadar, understrekar Trovik.

Norske Kvinners Sanitetsforening seier legemiddelbruk i svangerskapet lenge har vore eit satsingsfelt for dei, især fordi mange kvinner er urolege.

– Mange hugsar skandalen rundt Thalidomid. At vi når har fått eit offentleg godkjent legemiddel er ei god nyheit for dei kvinnene som lid, seier spesialrådgivar for kvinnehelse, Elisabeth Torstensen Svärd.

Xonvea er meint for å hjelpe kvinner med moderate til alvorlege plager.

– For dei meir milde formene for svangerskapskvalme gir vi oftare råd om kost- og livsstilstiltak, seier Aas i legemiddelverket.

Les også Linda (28) spydde så mykje at ho enda på sjukehus då ho var gravid – ny app gir håp

Linda Watten hadde ekstrem svangerskapskvalme.