– På det verste kunne eg spy opptil 25 gonger om dagen, seier Linda Watten.
28-åringen frå Luster i Sogn er ei av om lag 500 gravide som årleg får ekstrem svangerskapskvalme, på fagspråket kalla hyperemesis.
Hyperemesis betyr vedvarande kvalme og oppkast som kjem før 22. svangerskapsveke.
Watten visste knapt at ho var gravid, før kvalmen kom i veke sju. Og jo meir babyen i magen voks, desto dårlegare blei ho. Alt av mat og væske kom kjapt opp att.
Medisinane som skulle hjelpe hamna også i doskåla med ein gong.
1 av 100 alvorleg råka
Studiar syner at åtte av ti kvinner slit med kvalme under svangerskapet. Halvparten av desse kastar opp.
STOLT: På Instagram fronta Linda Watten stolt magen og graviditeten, men sanninga var at ho måtte spy opptil 25 gonger om dagen.
Foto: PrivatSvært alvorleg svangerskapskvalme, slik som Linda Watten hadde, skjer med kring 1 av 100 gravide.
Sjølv om svangerskapskvalme er vanleg, er det for lite hjelp til denne gruppa, meiner professor Hedvig Nordeng ved Universitetet i Oslo.
Saman med Alexander Rein i firmaet Helseoversikt, har dei laga eit verktøy i appen Helseoversikt. Her kan kvinner loggføre kvalme og oppkast og kva dei får i seg av mat og drikke.
Slik får dei ein peikepinn på kor alvorleg svangerskapskvalmen er, og når dei bør oppsøke lege.
Appen kan difor vere nyttig for kvinna sjølv, men også for helsepersonell, når dei skal vurdere kor alvorleg kvalmen er.
GIR TIPS: Alexander Rein i Helseoversikt har vore med å utvikle appen, som skal gi gravide ein peikepinn på kor alvorleg kvalmen deira er.
Foto: Helseoversikt– Blir så ille at nokre tek abort
Kvart år føder om lag 50 kvinner med alvorleg svangerskapskvalme på Haukeland universitetssjukehus.
Jone Trovik er overlege ved universitetssjukehuset.
Medisinane er ikkje gode nok, og mange kvinner fortel at dei ikkje blir tekne på alvor, seier Trovik.
– Nokre vel faktisk å ta abort, sjølv når graviditeten er ønskt. Det synest eg er et stort nederlag som behandlande lege, seier ho.
TØFT: For Linda Watten gjorde det godt å kome seg ut i frisk luft og vere aktiv. Men, ho måtte spy bak kvar ei busk, fortel ho. Slike augeblikk blei frå tid til anna foreviga av sambuaren.
Foto: PrivatAv alle kvinnene som blir lagt inn på Haukeland med hyperemesis, tek 6 prosent abort. Ikkje alle abortane er på grunn av alvorleg svangerskapskvalme. Nokre av dei er også «ordinære» abortar, der kvinna treng hjelp på grunn av kvalmen.
Tal frå USA og Storbritannia viser at mellom 5–15 prosent av hyperemesis-pasientar vel å avslutte svangerskapet.
Dei psykiske påkjenningane kan også vere svært tøffe i slike svangerskap, seier Trovik, og seier at nokre av dei gravide kan bli alvorleg psykisk sjuke.
Kvir seg ikkje på å bli gravid på ny
Linda Watten hadde det tøft i svangerskapet, men fekk god støtte frå dei rundt henne.
Ho synest det er fint om ein app kan gi gravide tips og råd. Sjølv sakna ho råd som var tilpassa hennar eigen situasjon, som berre blei verre og verre jo lenger ho kom ut i graviditeten.
Ho greidde etter kvart ikkje å halde på vatn heller, noko som førte til at ho blei dehydrert.
I veke 28 enda ho på sjukehuset der ho fekk intravenøst.
LUKKE: Så fort vesle Odin var ute av magen, tok kvalmen slutt.
Foto: PrivatFram til ein månad før termin, voks vesle Odin fint. Men i juli stagnerte veksten, og sognekvinna blei på nytt lagt inn. Men sondeernæringa ho skulle få, med leidning gjennom nasen og halsen, gjekk ikkje. Halsen hennar var nemleg så sår og øydelagt etter 33 veker med oppkast, at det ikkje var råd.
Dagen før fødselen skulle bli igangsett, to veker før termin 22. august, kom vesle Odin til verda av seg sjølv.
Med unntak av pressriene, spydde Watten under heile fødselen.
– Men i det sekundet han kom ut av meg, så forsvann også kvalmen. Og då han kom opp på brystet mitt, så var alt gløymt.
Trass det tøffe svangerskapet, er ho ikkje redd for å bli gravid på ny.
– Om eg må gjennom det, så må eg det. Men det hadde vore fint om det hadde vore meir forsking på temaet og at ein fekk meir hjelp.
GLAD: Linda Watten, sambuaren Håkon Westvik og vesle Odin har flytta til Innvik. Trass i eit tøft svangerskap, kvir ikkje Watten seg på å bli gravid på ny.
Foto: Privat