Fakta
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Legemiddel ombord i båtar Reporter Egil Johan Ree ( 2:53, 26kbps)
Suspensorium, storleik medium skal det vera om bord i alle fiskebåtar. Det har Sosial- og helsedepartementet avgjort. Samvitsfulle byråkratar har truleg tenkt som så at det ville vera urimeleg å krevja at båtane skal lastast ned med både store, middels store og små suspensorium. Så har dei valt den gylne middelvegen.
Men byråkratane haustar likevel ikkje mykje ros blant fiskarane som nå har studert lista over kva dei må ha med seg av medisin og medisinsk utstyr for å få lov til å leggja frå kai. Medisinskap har dei alltid hatt om bord, men nå er det visst ikkje grenser for kva dei må ha med seg. Båtar som går opp til 35 nautiske mil frå land skal blant anna ha mekanisk sugeapparat for reinsing av luftvegar, eingongsskalpellar, blodtrykksmålar og kateterinnsett. Dei skal ha bekken og urinflaske, tannfyllmasse og lårskinne. Så må dei ha med middel mot skabb og lus, hjarte- og karsjukdomar, epilepsi og hemorridar. For ikkje å gløyma livmorsamantrekkjande medisin - og altså suspensorium av medium storleik. Førebels er det ikkje kome krav om å ha med lege om bord, så truleg er det skipperen som må stå for behandlinga om det til dømes skulle bli bruk for den livmorsamantrekkjande medisinen.
Vi har så mykje her at pasienten kjem til å liggja dau før vi finn fram til rett medisin, seier ein fiskar til Dagbladet. Truleg har det kome endå meir fargerike kommentarar til dei nye reglane, for fiskarane skal vera temmeleg irriterte. Reglane er både urimelege og ufornuftige seier ein talsmann for Fiskarlaget til NTB. Mange båtar er ikkje i stand til å etterleva krava. Og fiskarane sjølv er ikkje blitt tatt med på råd før departementet laga forskriftene.
For i desse tider er det ikkje så avgjerande å søkja råd hos dei som kjenner skoen trykkja. I dag har vi byråkratar i Brussel som veit kva som skal til om det skulle bli livmortrøbbel på Lofothavet. Og når Brussel lagar direktiv, så har ikkje byråkratbrødrene på våre kantar anna å gjera enn å finna fram ordboka og gi direktiva norsk ordbunad. Slik er EØS-reglane.
Men fiskarane har visst ikkje tenkt å gi seg. Dei har sendt brev til Statens helsetilsyn med oppmoding om at reglane for medisinsk utrustning blir vurderte på nytt. Det er lov å prøva seg, men byråkratar kan vera vonde å venda.