Hopp til innhold

Anders gjekk dobbelvakter tre dagar på rad – også før pandemien

– Lite bemanning, overarbeidde helsepersonell og for lite plass på sjukehusa er ikkje noko nytt. Det er berre mykje verre nå, seier lege, sjukepleiar og hjelpepleiar Anders Christoffersen.

Lege Anders Christoffersen

Anders Christoffersen er lege, sjukepleiar og hjelpepleiar og seier høgt arbeidspress på norske sjukehus på ingen måte er noko som kom under pandemien.

Foto: Privat

Anders Christoffersen er lege, sjukepleiar og hjelpepleiar og seier høgt arbeidspress på norske sjukehus på ingen måte er noko som kom under pandemien.

Foto: Privat

Den siste tida har slitne helsepersonell ropt om å bli høyrt.

Mange har delt sine opplevingar i sosiale medium eller i media.

Historier fortel om dobbeltvakter, tallause telefonar om ledige vakter, og sjukepleiarar som sluttar i jobben.

– Helsepersonell frå heile landet fortel akkurat dei same historiene, berre med litt forskjellige ord, seier lege, sjukepleiar og hjelpepleiar Anders Christoffersen.

Han har også skrive bok om sjukepleiarar sin kvardag.

Spurt om å komme tilbake etter nattevakt

Han har sjølv delt sin frustrasjon på egen Instagram-konto.

«Det er ikke slik at helsepersonell ikke var slitne før covid», skriv han i innlegget som er blitt likt av over 12.000 på fire dagar.

Lege Anders Christoffersen har skrevet et innlegg på Instagram om underbemanning i helsevesenet og slitne helsearbeidere.

«Kjære #politikar vil du opereres av en sliten og overarbeidet #kirurg? Vil du vurderast av en #lege som ikkje rekker å spise? Eg berre spørr!» skriv Anders Christoffersen i innlegget på Instagram. Skjermbildet er tatt 20.12.2021.

Foto: Skjermdump

Han skriv om dobbelvakter, påleggingar og mange telefonar fra jobb om ledige vakter.

«Jeg har opplevd å bli ringt på veg hjem fra nattevakt og spurt om å komme tilbake på jobb fordi det var kritisk bemanning», står det i innlegget.

Situasjonen har vore slik lenge – også lenge før pandemien, meiner Christoffersen.

– Dette er ikkje noko nytt. Det er berre mykje verre nå.

Høgare sjukefråvær

Under pandemien har sjukefråværet blant sjukehustilsette vore høgare enn tidlegare.

Nye tal frå SSB syner at legemeldt sjukefråvær gjekk opp med 13 prosent frå hausten 2019 til same tid i år.

Fråværet var det same som 442.700 dagsverk eller om lag 260 fulle stillingar.

I tillegg til dette kjem eigenmeldt sjukdomsfråvær.

Og alt dette oppå det at sjukepleiarar på sjukehus arbeider meir no enn før pandemien.

Talet på planlagde behandlingar har gått ned, men trykket på intensivavdelingane har vore desto større.

«Helsevesenet har i mange år ropt etter økt rekruttering og bemanning»

«Kjære politikere, vi var slitne og leie lenge før pandemien. Vær så snill å ta tak i grunnproblemene.» skriver @lenewoll.

«Korona er bare toppen av isfjellet»

«Vi har fått flere lovnader. Tomme lovnader. Applaus. Men i over to år har vi verken sett tiltak, forslag, handling eller innfridde løfter.» skriver @johannelu.

«Sliten lenge før pandemien»

« Det er ikke slik at helsepersonell ikke var slitne før covid.» skriver @lean_mean_nursing_machine.

– Dei er verd å lytte til

Christoffersen og andre helsepersonell som snakkar høgt om problema får støtte frå Norsk Sykepleierforbund (NSF).

– Dette er beintøffe tilsette som er vant til å vere ute ei vinternatt. Når dei først går ut og snakkar om situasjonen, da er det verdt å lytte til, seier leiar Lill Sverresdatter Larsen.

Lill Sverresdatter Larsen

– Dei siste åra har vore ei totalbelastning for sjukepleiarar og helsepersonell, som har vore enorm fysisk, psykisk og sosialt. Det har over lenger tid vore blytungt, seier Larsen.

Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI

Hjelp er på veg

Regjeringa vil frå neste haust av auke talet på studieplassar for sjukepleiarar.

I 2022 vil det vere plass til fem hundre fleire sjukepleiarstudentar enn vanleg.

– Vil det vere med på å lette på trykket?

– På sikt ja, seier Larsen.

Men ho påpeikar at det må følgje med pengar til universiteta og høgskulane, samt lovpålagt plikt for kommunane til å sørge for rettleia praksis.

– Slik at studentane ikkje berre byrjar på utdanninga, men faktisk vert sjukepleiarar, seier Larsen.

Christoffersen seier at å utdanne fleire sjukepleiarar er ein god ting, men at ein også må betre arbeidstilhøva til dei som er i jobb.

Tal frå før pandemien syner at 1 av 5 sjukepleiarar sluttar i yrket innan ti år.

– Det nyttar ikkje å fylle på eit lekkande glas, seier Christoffersen.