– Boka er full av kokkar som er superheltar, seier Hanne Berentzen, som eig Ostehuset i Stavanger.
Ei gruppe frå matbransjen i Stavanger har gått saman om å laga ei gratis aktivitetsbok om mat. Målet er både å aktivisera barn, samt å fortelja om menneska bak matbyen Stavanger.
– Kokkane lagar godt mat, og lærer ungane opp i å ete gode og sunne råvarer og blir supersterke menneske som har energi til å ta verda vidare. Vi kan ikkje berre leve av heltar som kjem flygande gjennom lufta, seier Berentzen.
Boka vart lansert lanserast i føremiddag som eit oppspel til Gladmat-festivalen som byrjar på onsdag.
Restaurantanes aktivitetsbok visar fram kjende kokkar frå Stavanger.
Foto: Eirik Gjesdal / NRK