NRK Meny
Normal

– Svært mange familiar har ikkje råd til ferie

Når familien Åsbø frå Nærbø reiser på sommarferie i år, vil dei samstundes gi ein annan familie gratis ferie ved å låna vekk huset og bilen sin. – Eit bra tiltak, ifølgje Røde Kors, som opplyser om at kapasiteten er sprengd ved deira eige ferietilbod for fattige familiar i Norge.

Når familien Åsbø frå Nærbø reiser på sommarferie i år, vil dei samstundes gi ein annan familie gratis ferie ved å låna vekk huset og bilen sin. – Eit bra tiltak, ifølgje Røde Kors, som opplyser om at kapasiteten er sprengd ved deira eige ferietilbod for fattige familiar i Norge.

SJÅ VIEDO: Familien Åsbø lånar vekk hus og bil til nokon som treng det i sommar.

Vil gi vekk gratis ferie

Dette bilete la familien ut i Facebook-annonsa si.

Foto: Private bilete

I Norge finst det 28.200 barn som lev under relativ fattigdom.

– Det vil sei at dei bur i familiar som ikkje har råd til det me andre ser på som normalt, seier Grete Harlofson, avdelingsleiar for det nasjonale arbeidet i Røde Kors.

Ein ting dei fleste ser på som normalt er å reisa vekk i sommarferien. Familien Åsbø er ikkje eit unntak, og tradisjonen tru skal dei også i år ut på sommarferie, men denne gongen vil dei samstundes gjera noko for nokon som ikkje er like privilegerte.

– Eg fekk ein idé om å låna vekk huset til nokon som ikkje har det så greitt, seier Kristine Åsbø.

Ideen var å la huset og bilen deira, som normalt ville stått ubrukt att på Nærbø, bli disponerast av ein utvald familie medan dei sjølv er på ferie.

Grete Herlofson, avdelingsdirektør omsorg og foreningsutvikling, i Røde Kors.

Grete Harlofson er avdelingsleiar for det nasjonale arbeidet i Røde Kors.

Foto: Olav A./Røde Kors / Røde Kors

Dei oppretta ei Facebook-annonse i pinsen, og på kort tid har annonsen blitt delt meir enn 20.000 gonger. I annonsen står følgande:

«...Vi vil låne ut huset vårt og bilen vår gratis i sommer fra ca 25. juni - 24. juli til en barnefamilie som ikke har mulighet for å reise på ferie pga vanskelig livssituasjon, økonomi, sykdom mm. Jærmuseet og Leos lekeland stiller med familiebilletter, Surfschool.no gir surfekurs til den aktuelle familien, og Dolly Dimples Bryne gir gavekort på pizza. Kate Høyland gir gavekort på Mega. Vi jobber fremdeles med enda flere opplevelser for dem som kommer til Jæren på ferie...»

Tilbakemeldingane er så mange at Kristine Åsbø fortel at ho nesten ikkje får sova om natta.

– Det som er felles for førespurnadane er at dei kjem frå fortvilte foreldre som vil gi barna sine opplevingar og ferie, men at dei ikkje har moglegheit til dette. Det er enormt sterkt å lesa og det gjer inntrykk langt inn i hjarta, seier ho.

Fattige

Å hjelpa vanskelegstilte barnefamiliar med gratis ferie er ei kjend sak for Røde Kors. Gjennom programmet sitt «Ferie for alle» får barn opplevingar dei ikkje elles hadde fått.

Men det kostar pengar å driva med dette tiltaket, og kapasiteten er sprengd.

– I år gir me feriar til om lag 3.000 personar i fjor var talet 2.500. Men på austlandsområdet opplever me ofte at me må sei nei til halvparten av søkarane, seier Grete Harlofson.

Sjølv er ho avhengig av hjelp frå 500 frivillige, og initiativet på Nærbø meiner ho stadfestar at nordmenn er opptekne av kvarandre.

– Det er eit fantastisk initiativ. Det viser at folk med overflod er opptekne av å dela med seg, og gi til dei som ikkje har så mykje. Dessutan viser det at ein ikkje treng reisa langt vekk for å få ei bra ferieoppleving, seier ho.

Ho er også glad for at regjeringa ser ut til å ta dette på alvor.

– Dei har flytta litt på midlar, som gjer det mogleg for oss å søka om meir pengar til «Ferie for alle». Det er svært viktig for oss å ha føreseielegheit når me driv med dette, seier ho.

Ho legg til at utviklinga er alarmerande når det kjem til korleis grupper i samfunnet systematisk hamner under fattigdomsgrensa.

– 70 prosent av alle barn frå Somalia i Norge lev under fattiggrensa. For barn frå Irak er talet 55 prosent, seier Harlofson.

Håper ho kan inspirera

Snart skal Kristine Åsbø og mannen hennar velja ut ein familie som skal få låna huset deira.

Noko av det dei sett mest pris på er at dei har inspirert andre til å gi ei utstrekt hand.

– Me har fått brev av folk som seier at me har vist at dei også kan gjera noko for å hjelpa, seier ho.

– Me har fått inn så mange førespurnader at me snart må setja ein sluttstrek, seier ho om kven valet skal falla på.