Hopp til innhold

– Eg trur aldri me har hatt det betre

Gutane i Kvelertak storkosar seg på turne saman med Metallica. Etter å ha vore i Nederland, Frankrike og Tyskland står nå England for tur.

Kvelertak er på vegen saman med storbandet Metallica

Kvelertak skal vera med som oppvarmingsband på Metallica sin WorldWired-turne fram til mai 2018. I 2014 varma dei også opp for Metallica, men då saman med fleire andre oppvarmingsband.

Foto: Vidar Landa

Metallica på Koengen i Bergen 2015

James Hetfield frå Metallica under konserten på Koengen i Bergen i 2015.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Det er faktisk heilt sinnssjukt, seier gitarist i Stavanger-bandet Kvelertak, Vidar Landa.

Dei er i full gang med turneen WorldWired, der dei som einaste oppvarmingsband, kveld etter kveld, varmar opp for eitt av verdas største band; Metallica.

– Det er jo fordi dei liker oss, og har sett oss før. Dei kunne jo fått kven dei ville, og kanskje meir kommersielle ting som hadde passa betre inn i denne samanheng. Men det er kult at dei følger såpass mykje med at dei går for eit undergrunnsband frå Noreg, seier Landa.

Så langt har dei vore med på sju konsertar. Nå har dei ein liten pause før dei skal vidare til England med første konsert på O2 Arena i London 22. oktober.

Skrikevokal og blast-beats

Dei mange tusen publikumarane som kjem på kvar einaste konsert skal først og fremst sjå Metallica, men er likevel opne for å høyra på oppvarmingsbandet, ifølgje gutane i Kvelertak.

– Publikum har vore skjerpa sidan dei ikkje har sett tre andre oppvarmingsband før oss. Det er berre oss, og me får spelt for veldig mange folk. Derfor har fått fleire fans i løpet av denne turen.

Kvelertak på turne

Så langt har Kvelertak spelt sju konsertar saman med Metallica i Nederland, Tyskland og Frankrike. Neste konsert er på O2 Arena i London 22. oktober.

Foto: Vidar Landa

– Men de er ganske ulike Metallica?

– Me har skrikevokal, blast-beats og black-metal-referansar, men det har funka, seier Landa.

Han seier også at han liker måten Metallica har rigga scena på. Den er som ein sirkel i midten av arenaen.

– Dei har klart å gjera ein arenakonsert, som vanlegvis er ganske upersonleg, til å bli noko veldig intimt. Du kjem tett på publikum.

– På middag i Paris

Når det ikkje er konsert, held Metallica-folka seg mykje for seg sjølv. Kvelertak får likevel henga litt saman med musikarane som har betydd mykje for dei.

– Dei inviterte oss med ut på middag ein av kveldane då me var i Paris. Men det er helst trommeslager Lars Ulrich som kjem innom og seier hei. Han er veldig sosial av seg, seier Landa som lar seg inspirera av at dei framleis held det gåande.

– Dei har funne ein fin balanse der dei passar på å legga inn fridagar. At dei framleis er veldig glade i å spela er inspirerande å sjå, seier han.

Sjølv spelar dei ein del klubbkonsertar mellom storkonsertane med Metallica, og seier at dei ikkje kan klaga på tilværet.

– Me blir ikkje lei, i alle fall ikkje nå. Eg trur aldri me har hatt det betre, seier Landa.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg