Hopp til innhold

Iselin (26) sikra seg konsertbillett gjennom naturvern

Kvelertak stiller med konsertbillettar til folk som støttar søksmålet mot staten om gruvedeponi i Førdefjorden. Med det føyer dei seg inn i ein gammal norsk tradisjon.

Iselin Helløy

Iselin er positivt overraska over Kvelertak sitt samarbeid med Naturvernforbundet.

Foto: Jarand Aga Baas / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Mykje støy, folkehav og høge stemmer.

Det er nokre av fellestrekka mellom hardrock og naturvern.

Men det stoppar ikkje der.

Denne veka spelar Kvelertak fleire konsertar i Bergen og Oslo. I salen står rockarar som har fått gratisbillettar fordi dei støtta det såkalla fjordsøksmålet med pengar.

I desse dagar vurderer Oslo tingrett om staten har brote forureiningslova og to EU-direktiv, då dei gav løyve til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Les også I dag startar rettssaka om gruveslam i fjorden – dette er striden

Oppdatert om Førdefjorden

Støttar både Førdefjorden og rocken

Iselin Helløy er ei av mange som fekk med seg Kvelertak sitt engasjement i saka. På sosiale medium dukka det opp ein video av vokalist Ivar Nikolaisen som gjekk hardt ut mot avfallsdeponiet i Førdefjorden.

Ved å støtte fjordsøksmålet med 850 kroner, sikra Iselin seg samstundes billett til konsert med Kvelertak i Bergen.

Iselin Helløy kikkar på mangfaldet i fjorden

Helløy er utdanna biolog og er særleg oppteken av natur og klima. Foto: Jarand Aga Baas

For henne er det inspirerande at artistar kan bruke sin plattform til gode formål, deriblant naturvern.

Å støtte noko på ein slik offentleg måte er noko Iselin meiner krevst mot.

Ein del av rockespiriten er å vere tydeleg og direkte, og stå for det ein meiner.

Ho peikar også på at det ligg mykje makt i å kunne påverke så mange menneske, og at det er opp til fansen å vurdere bruken.

– Eg påstår dei brukar si makt på ein godt måte, når dei oppmodar folk til å involvere seg.

Makt i musikken

Førsteamanuensis i musikkvitskap ved NTNU, Tore Størvold, seier at Kvelertak med dette føyer seg inn i ein norsk musikktradisjon.

– Me har ein lang tradisjon i Noreg, med at musikarar brukar sin person, stemme og musikk til å seie noko om betente miljøkonfliktar, seier han.

Han viser til blant anna Mattis Hætta sin «Sámiid Ædnan», som sprang ut av Alta-saka.

Mattis Hætta og Sverre Kjeldsberg opptrer under Melodi Grand Prix med "Samiid ædnan"

Mattis Hætta og Sverre Kjelsberg opptrer under Melodi Grand Prix med «Sámiid Ædnan»

Også Mardøla-aksjonen i 1970 var ein viktig augneblink, då rørsla rundt norsk miljøvern verkeleg fekk grobotn.

Fellestrekka for desse inkludert Førdefjorden, er konflikt rundt natur og miljø.

Ei lokal sak kan få nasjonal merksemd når folk med påverknadskraft skapar blest.

Kvelertak har ein unik posisjon her, som eit band med ein internasjonal fanskare. Det kan tenkast at vesle Noreg får meir internasjonal merksemd og press frå utsida, seier Størvold.

Les også Kampen om vatnet

Mardalsfossen i Eikesdalen

Brukar bandet som talerøyr

Vokalist og frontfigur Ivar Nikolaisen har vore klar i sin tale, og seier at det er denne saka som treng deira stemme akkurat no.

Ingen vaksne menneske kan meine dette er fornuftig, seier Nikolaisen til NRK.

Kvelertak Pressefoto 2022

Eit folkeleg band ifølge Ivar Nikolaisen FOTO: Stian Andersen

Foto: Stian Andersen

Om deira rolle som påverkar, seier han at Kvelertak er eit band som famnar rimeleg breitt.

– Vår plattform er folkets plattform, og makta tilhøyrer folket, seier han.

Tviegga sverd

At artistar brukar plattforma si til å påverke, kan gå begge vegar, ifølge musikkforskar Størvold.

Musikarar er ikkje berre offentleg personar, som kunstnarar skapar dei musikk som lyttarane dannar personlege forhold til. Som fan har ein gjerne sterke kjensler knytt til musikken.

Forholdet mellom artist og lyttar kan svekkast dersom ein ikkje støttar same bodskapen.

– Ein risikerer å framandgjere tilhengarar, dersom dei til dømes er djupt ueinige i saka. Samstundes kan dei nå ut til nye fans, som oppdagar bandet igjennom konflikten i Førde, avsluttar Størvold.