Hopp til innhold

Droppar julegåvene – gir kvarandre ein familiefestival

Ifølge Virke kjem vi til å bruke 58 milliardar kroner på julegåver i år. I familien til Inga Klokkerstuen Wangensteen skal dei gi kvarandre meir tid.

Inga Klokkerstuen Wangensteen (ser i kamera)

DEN BESTE GÅVA: Inga Klokkerstuen Wangensteen sit i komitéen som skal planlegge den store familiefestivalen i juni neste år. Ho gler seg til å få tid med slekta i julegåve

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Ungane skal framleis frå fysiske gåver, men for oss vaksne blir det ingen gåver. I staden brukar vi pengane på ein festival, seier Inga Klokkerstuen Wangensteen.

Ho er i full gang med å planlegge familiefestivalen som skal gå føre seg tre dagar til ende, i juni neste år. Det blir festmiddag, omvisingar og overraskingar.

Familien som i oppveksten hennar budde i Etne, har starta nye familiar og er spreidd i ulike delar av landet.

Inga Klokkerstuen Wangensteen-bilde av Rygg i Etne

DEN FINASTE PLASSEN: Her på Rygg i Etne skal familien møtast. I huset som Inga vaks opp i, bur bestemor på 91 år i dag.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Tid saman er det dei ønsker seg aller mest.

Julegåvene blir kasta

Hovudorganisasjonen Virke bereknar at vi kjem til å bruke 58 milliardar kroner på julegåver i år. Det er nesten 11.000 kroner frå kvar og ein si lommebok, og elleve milliardar meir enn for ti år sidan.

Leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, trur mange av julegåvene får eit kort liv før dei ender opp i søppelkassa. Ho rår julegåvehandlarane å gi ei oppleving til jul.

Anja Bakken Riis i Fremtiden i våre hender (FIVH)

ROSAR GÅVA: Leiar i miljøvernorganisasjonen Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise synest det er fantastisk at familien til Wangensteen skal gi kvarandre tid til jul.

Foto: FIVH

– Ein god tommelfingerregel er å gi opplevingar i staden for ting. Gå ut og et, gå på kino eller teater. Eller gi i gåve at du skal gå ein tur med nokon, seier ho.

– Kor skadeleg for miljøet er alle tinga vi gir kvarandre til jul?

– Det er vanskeleg å komme med konkrete utsleppstal knytt til jul, men vi veit jo at nordmenn ligg på europatoppen når det gjeld kjøp og kast av generelle forbruksvarer, seier Riise.

Det er særleg dei små gåvene vi ikkje har planlagt så godt som står i fare for å bli kasta, meiner Riise.

– Det er jo veldig uheldig og noko vi kan prøve å unngå, seier ho.

Slepp å klø seg i hovudet

Inga Klokkerstuen Wangensteen gler seg til årets største julegåve. Det gjer resten av familien også.

– Mormor på 91 år synest det er ein kjempefin idé. For henne er det å samle ungar, barnebarn og oldebarn det finaste som finst, seier Wangensteen.

Også dei andre vaksne gir tommel opp for idéen. Dei gler seg også til å sleppe å fylle ønskelista når ein ikkje saknar noko.

Inga Klokkerstuen Wangensteen - fugleperspektiv planlegging

OMFATTANDE PROGRAM: Det er mykje som skal planleggast før festivalen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Når du kjem til det punktet at du må klø deg i hovudet og verkeleg tenkje etter kva du skal ønske deg om nokon spør, så betyr det kanskje at du ikkje treng noko. Då er det å vere saman kanskje det finaste du kan få, seier Wangensteen.

Flere nyheter fra Rogaland