AF Decom har nyleg sendt ut nabovarsel om at dei vil utvida arealet sitt med nærare 50 mål. Det får fleire naboar til å reagera.
– Ein kan illustrera dette med å seia at dei søkte om ein garasje og endar opp med ei blokk på 15 etasjar, seier nabo og representant for Norges Miljøvernforbund, Ståle Jøtne.
Nabo: – Ingen sirkulasjon
Ståle Jøtne.
Foto: Arne Gunnar Olsen / NRKOpphogginga av utrangerte oljeinstallasjonar i Vatsfjorden har gitt store utslepp, ifølge naboane. AF Decom er eitt av tre selskap som høgg opp gamle og utrangerte plattformar i Norge.
av Raunes fiskefarm, som meiner opphogginga av gamle delar frå Ekofisk-plattforma har forureina Vatsfjorden og området rundt.
Ole Indraland er også nabo til AF Decom. Han er klar på kva han meiner om utvidingsplanane.
– Dette er eg imot. Me held til inne i ein fjord, der det ikkje er nokon sirkulasjon, påpeikar han.
– Det er lite forutsigbart det AF Decom held på med. Me vil sjekka opp i kva dette er, seier Jøtne.
Ordføraren: – Visse kriterium
Vindafjord kommune har ennå ikkje fått søknaden frå bedrifta, men ordførar Ole Johan Vierdal seier det er visse kriterium for å godkjenna slike søknader.
– Det er heilt fint at ei bedrift vil utvida, men me føreset at dei held seg innanfor dei utsleppsløyva dei har, seier han.
Ut over dette handterer kommunen søknaden på vanleg måte, forklarer ordføraren.
– Først nå må me vita kva dei søker om og kva som ligg i det, seier han.
Evy Lærdal i AF Decom ønsker ikkje å seia kva dei skal bruka det nye området til. Berre at dei vil utfylla og planera jordområdet.
VIDEO: Opphoggingsbedrifta AF Decom i Vats vil utvida verksemda si.