Hopp til innhold

Miljøvernforbund har politimeldt Nordens største rivingsoperatør

Høge smell og trykkbølger frå anlegget til AF Decom i Vats skremmer både innbyggjarar og dyr. No seier Mijøvernforbundet at dei ikkje toler meir, og går lovens veg for å betre tilstanden.

Af Decom i Vats. Innbyggjarane meiner røyken kan forurense drikkevatn og jordbruk

Kraftige smell gjennom dalen og røyk gjer at Miljøvernforbundet i Vats har fått nok. Nå politimelder dei AF Decom som har miljøbase i Vatsfjorden.

Foto: Ståle Jøtne

– Dei driv og sprenger høge installasjonar med sprengstoff i friluft utan å ha dekning. Det gir enorme trykkbølger og smell gjennom dalen.

Det seier Ståle Jøtne i Miljøvernforbundet avdeling Yrkje/Vats i Vindafjord kommune.

Dei han snakkar om er AF Decoms miljøbase i Vatsfjorden i Ryfylke, som jobbar med å hogge opp gamle oljeinstallasjonar.

Og nå ser ikkje Jøtne og resten av forbundet ein annan utveg enn å politimelde AF Decom.

– Plutseleg brakar det laust

Heile huset til Jøtne ristar og vindauga klirrar, forklarar han. Dette sjølv om han bur nokre kilometer vekke frå anlegget.

Ståle Jøtne

Ståle Jøtne er svært engasjert i miljøet i Vats. Han meiner den ulovlege sprenginga har gått føre seg i eitt års tid.

Foto: privat

– Når du får ei sånn trykkbølge berre fire-fem kilometer vekke så kan du berre tenke på korleis det er for dei som bur rett ved. Plutseleg brakar det laust.

Han meiner heile bygda burde vere informert. Og det er nettopp derfor dei går til politiet.

– Det dei held på med er ikkje i samsvar med lovverket. Dei som ikkje veit om det trur det er verdas undergang når det smell. Nå er nok, nok, seier Jøtne.

I ei gruppe på Facebook er fleire i bygda frustrerte. Blant anna fordi sprengingane også skjer etter det har blitt mørkt. Men dei har ikkje sagt ifrå til AF Decom om problemet sjølv.

– At dei skal varsle om dette er ei sjølvfølgje at dei burde gjere. Dei burde ha respekt for omgjevnadane og folk og fe.

Har forståing for støyen

AF Decom i Vats har ikkje mottatt politimeldinga ennå, og kjenner derfor ikkje til innhaldet. Men dei har forståing for at naboar kan bli råka av støy, seier prosjektleiar for AF Offshore Decom i Vats, Ricky Ryttmar.

Han på si side meiner at dei har varsla om støyen.

– Sjølv om operasjonen det blir vist til kan opplevast som ekstra støyande, er han varsla og utført i samsvar med gjeldande retningsliner. Dette inneber varsling og godkjenning frå det lokale politiet.

Han seier òg at dei har rutinar for å varsle dei næraste naboane om arbeide som kan vere av interesse.

– Alle innbyggjarane i Vats kan registrere seg på vår informasjonsteneste og få informasjon om planlagde arbeider. Me ønskjer heile vegen å bli betre på kommunikasjon, skriv Ryttmar.

Har starta etterforsking

Kari Rørtveit er seksjonsleiar i etterforsking og etterretning for Etne og Vindafjord politistasjon. Ho bekreftar at dei har mottatt meldinga mot AF Decom i Vats.

Kari Rørtveit er seksjonsleiar i etterforsking og etterretning for Etne og Vindafjord politistasjon.

Seksjonsleiar i etterforsking og etterretning for Etne og Vindafjord politistasjon, Kari Rørtveit, seier at denne saka ikkje er heilt unik, men heller ikkje ei vanleg sak for politiet.

Foto: Jarle Utne-Reitan

– Det er oppretta sak, og me er i ein innleiande fase i etterforskinga.

Ho seier dei er kjend med begge partar i saka.

– Nå er det viktig å få forklaring frå begge, og me ønskjer ikkje å uttale oss om fleire detaljar før i ettertid.

NRK har vore i kontakt med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, som opplyser at dei ikkje har nok informasjon/dokumentasjon til å vurdera om det har skjedd eit forskriftsbrot.

Trugar drikkevatnet

Det var på måndag at politimeldinga vart levert. Men allereie ønskjer Miljøvernforbundet Vats/Yrkje å sende ei ny melding om ei anna konsekvens frå basen i Vats.

– Dei driv med skjerebrenning der gift blir frigjort i form av partiklar. Og med rett vindretning så går støvflukta rett til drikkevatnet vårt, seier Jøtne.

I tillegg seier han at støvet spreier seg over jordbruksareal.

– Det har auka enormt dei siste åra. Hadde du sett det så hadde du fått sjokk.

Slik kan det sjå ut i Vats når AF Decom sprenger eksplosiv

Slik ser det ut i Vats med støvflukt frå anlegget til AF Decom. Det kan hamne i jordbruksareal og så i mjølka som bøndene produserer der, seier Ståle Jøtne.

Foto: Ståle Jøtne

– Noko må bli gjort. Ingen hadde akseptert noko som dette. Om ikkje styresmaktene eller politiet har ein reaksjonsform så må me berre tenke oss om og på kva anna me kan gjere, seier han.

– Bilde er tatt på ein annan dag

– Målingar gjort av ein uavhengig tredjepart gjennom fleire år viser at nivåa målt på målestasjonane er klart under krava. Prøvane utelukkar og at støvspreiing frå basen kan påverke drikkevatnet, forklarer Ryttmar i AF Decom.

Han har også fått sett bildet over som Jøtne meiner vitnar om støvflukt.

– Bilda er tatt på lang avstand frå miljøbasen. Tidspunktet på bildet samanstilt med temperaturaukinga på vår målestasjon viser at dette mest sannsynleg er vassdamp.

Han meiner òg at bildet er tatt på ein annan dag enn den aktuelle sprenginga.

Ståle Jøtne er ikkje overraska over at AF Decom seier dei varslar innbyggjarane før sprengingane. Han seier at det er hakk i plata nok ein gong, og viser til fleire konfliktar Miljøvernforbundet Vats/Yrkje har hatt med AF Decom tidlegare.