Hopp til innhold

Kritikk mot bussen som hentar deg rett ved døra: – Folk kan ikkje stola på den

Denne bussen kan vera løysinga for fleire kommunar med få passasjerar. Men nå kjem også kritikken mot bussen som hentar deg der du er.

"Hent-Meg-bussen"

«Hent-Meg-bussen» i Sauda har fått mykje ros. Nå kjem også kritikken.

Foto: Thomas Halleland

– Det lengste eg har venta på ledig buss er 3,5 timar. Då tar eg heller drosje. Men det blir dyrt, fortel busspassasjer Terje Strøm Osmundsen.

Han er fast brukar av den spesielle bussordninga i Sauda i Rogaland. Her er den vanlege rutebussen bytta med ein bestillingsbuss som hentar deg der du er – og køyrer der du skal innanfor ei viss sone.

– Veit ikkje om dei kan stola på bussen

«Hent-Meg-bussen» i Sauda har fått mykje skryt, og det er både nasjonal og internasjonal interesse for bussordninga, ifølge det fylkeskommunale kollektivselskapet Kolumbus. Dei står bak prøveprosjektet.

Men nå kjem også kritikken. Fleire passasjerar NRK har snakka med fortel om adresserot, rutetrøbbel og at dei i verste fall må venta fleire timar på ledig buss.

– Pasientane føler seg urolege fordi dei veit ikkje om dei kan stola på bussen, seier fysioterapeut Ton Zweedijk i Sauda.

Ton Zweedijk

Fysioterapeut Ton Zweedijk har kritiske merknader til «Hent-Meg-bussen».

Foto: Magnus Stokka / NRK

Bussen er viktig for fleire av hans pasientar. Men bestillingsbussen har pause i 2,5 timar midt på dagen når sjåførane skal køyra skuleskyss.

I tillegg hevdar fysioterapeuten at folk får beskjed om at bussen er fullbooka, når den i realiteten har ledig plass. Bestillingsbussen skal nemleg legga opp ruta etter kor passasjerar er.

– Sjølve ordninga må bli betre. Eg veit at det køyrer mange bussar med berre ein passasjer. Det er for dårleg. Dei må klara å plukka opp fleire.

Kolumbus: Lovar forbetringar

Selskapet bak bussordninga seier dei får mest ros for pilotprosjektet. Men dei tar også vel imot risen dei nå får.

– Me tar alle tilbakemeldingar på alvor. Dette er eit utviklingsprosjekt. Då er det mykje å læra, seier kommunikasjonssjef i Kolumbus, Grethe Skundberg.

Ho lovar nå forbetringar for «Hent-Meg-bussen».

– I desember gjer me oppgraderingar kor me blant anna går over til ein søkefunksjon. I staden for å prøva å bestilla og få opptatt, kan du sjå når bussen er ledig.

– Passasjerar seier det berre er ein eller to passasjerar i bussen?

– Det er bestillingane som avgjer det. Samkøyring er noko me arbeider for. I dag har 55 prosent av turane meir enn ein passasjer om bord.

Grethe Skundberg

Kommunikasjonssjef i Kolumbus, Grethe Skundberg, lovar forbetringar for «Hent-Meg-bussen».

Foto: Kolumbus

Kolumbus viser til at dette ikkje er dårlegare enn med det gamle bussystemet. Då var det 1,5 reisande i snitt per bussrute.

– Passasjerar og bussjåførar fortel også om problem med å finna rett adresse til dei som bestiller tur?

– Det er fordi me bruker digitale kart. Dersom me ikkje kan stola hundre prosent på dei, må me gjerne gjera noko sjølv i tillegg.

Over nyttår blir det vurdert om «Hent-Meg-bussen» skal utvidast til nye område i Rogaland.

Flere nyheter fra Rogaland