Hopp til innhold

Krev 150 millioner kroner i erstatning

Dei åtte kommunane, som meiner seg lurt av Terra Securities, krev at Kredittilsynet inndrar pengane.

 

Terra Securities
Foto: Scanpix

Dei åtte Terra kommunane krev nå at Kredittilsynet gjennomfører eit vedtak om såkalla vinningsavståing i forhold til Terrakonsernet. Det er ifølge ordførar i Haugesund, Petter Steen, noko som tilsynet kan gjera med heimel i verdipapirlova, paragraf 17.2.

- Det gjer det mogleg å inndra pengane, fordi ein har tent pengar på det som Kredittilsynet tidlegare har omtalt som alvorlege og systematiske overtredelser av betstemmelsane av god forretningsskikk, seier Steen.

- Har ikkje fått brevet

150 millioner kroner er det Terra-konsernet har tent på verksemda med kommunane ifølge Steen.

Avdelingsdirektør Eirik Bunæs i Kredittilsynet sa søndag kveld at han ikkje har sett brevet frå dei åtte kommunane og derfor ikkje kan seie noko om kravet.

Petter Steen på si side meiner at tilsynet allereide har gitt dei åtte kommunane rett i forhold til Terra Securities.

- Utgangspunktet for dette kravet er jo at Kredittilsynet har vore så tydelege på at Terra-konsernet har foretatt alvorlege og systematiske overtredelser på god forretningsskikk. Det inneber at allereie har Kredittilsynet sagt at den virksomheten dei freiv med var ulovleg.