Hopp til innhold

Krangel førte til leiteaksjon i Suldal

Ein mann i 50-åra kontakta i natt politiet, fordi han var uroa for venninna som hadde gått til fots frå hytta dei var på. Det var kaldt og mykje snø i området, og kvinna var ikkje lokalkjend. Politiet sette difor i gong ein leiteaksjon.

Erfjord

Klokka 00:39 fekk politiet i Haugesund telefon frå ein mann i 50-åra som var på ei hytte i Erfjord i Suldal. Mannen var uroa, fordi venninna hans gått frå hytta etter ein krangel. Dei hadde begge drukke alkohol før dette skjedde.

Hytta låg ein kilometer frå bilveg, og det var mykje snø i området. Det var tre minusgrader ute og kvinna var lite lokalkjend.

Politiet delte mannen si uro, og sette i gong ein leiteaksjon. Raude kross i Suldal vart varsla og ein politipatrulje vart send til staden.

Kvinna fann derimot fram til bilvegen og vart teken hand om av politipatruljen klokka 02.05.

Kvinna som er i 40-åra ynskja å dra heim til Bergen og etter eige ynskje fekk ho lov til å overnatte i sentralarresten inntil bussane frå Bergen byrja å gå sundag.