Hopp til innhold

– Gler meg til å fortelje om mi tru

Torsdag skal saka til den iranske konvertitten Jemal opp for retten. Han har fått avslag på asylsøknaden, men meiner sjølv at det er for farleg å reise tilbake til heimlandet.

Iransk konvertitt

Jemal fryktar for kva som kan skje dersom han blir sendt attende til Iran. I Iran er det forbode å konvertere frå islam til kristendomen.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Eg gler meg til å gå i domstolen og snakke om mi sak, og mi tru, seier Jemal.

Klokka ni i dag starta rettssaka til den iranske konvertitten i Oslo tingrett.

Etter å ha fått avslag på asylsøknaden og to anker, går han nå til sak for å få bli i Norge.

Skal vurdere trusspørsmålet

Han konverterte til kristendomen etter at han kom til Norge, og meiner difor at det er for farleg å reise tilbake til Iran.

Retten skal både ta stilling til om han er ein reell konvertitt, og om risikoen ved å bli sendt tilbake er for stor.

– Eg trur det er veldig farleg for meg å bli sendt tilbake. Så eg har tenkt å forklare domstolen om min situasjon. At eg trur på Jesus og at eg vil halde fram med mi kristne tru, seier Jemal.

Har samla inn 120 000 kroner

Støttegruppa til Jemal trur dei har ei god sak.

– Me trur at når me får lagt fram alle elementa i saka, så har me ei god sak. Om me ikkje hadde hatt det, så hadde me nok ikkje brukt innsamla midler på 120 000 kroner for å få denne saka opp for retten, seier leiar i støttegruppa, Terje Høyland.

Terje Høyland

Terje Høyland er leiar av støttegruppa til Jemal.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Motparten i saka er Staten, representert av Utlendingsnemnda. Dei seier til NRK at dei ikkje ynskjer å førehandsprosedere saka, og at dei ventar med å kommentere til avgjersla frå domstolen er klar.

Saka skal gå over to dagar.