Hopp til innhold

Går til sak for å få bli i Norge

Iranske Jemal konverterte til kristendomen då han kom til Norge. Han har fått avslag på asylsøknaden, men sjølv hevdar han at det er farleg for han å reise tilbake, difor går han no til sak i håp om at han får bli.

Iransk konvertitt

Jemal kan bli send ut av landet når som helst, no går han til sak.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Han har konvertert til ein annan religion og han er overbevist om at han kjem til å få store problem om han blir returnert til heimlandet, difor gå han til sak, seier advokat Knut Eldhuset.

Jemal konverterte frå islam til kristendomen etter at han kom til Norge. Han har søkt om opphald, men har både fått avslag på asylsøknaden og på to ankesaker som UNE har behandla.

Det siste avslaget fekk han i sommar.

I avslaget frå UNE blir det argumentert for at situasjonen for konvertittar i Iran ikkje er farleg nok, og at han difor kan returnerast.

Men det er Jemal ueinig i.

Då NRK snakka med han i september fortalde han at han fryktar for kva som kan skje om han blir sendt attende til Iran.

– Eg veit at om eg blir sendt attende, så ventar sjølvsagt fengselet på meg, sa han då.

Dei siste månadane har han heldt seg i skjul for å unngå å bli sendt ut.

– Dommaren framskynda saka

I haust bestemde Jemal seg for å gå rettens veg for å få bli.

Saka skulle eigentleg ikkje opp i Oslo tingrett før om eit halvt år, men dommaren framskynda saka.

– Årsaka var at UNE ikkje ville gi Jemal mellombels opphaldsløyve fram til rettssaka, fortel advokaten til Jemal.

Etter planen skal saka no opp i Oslo tingrett 15. og 16. januar.

– Prinsipielt viktig sak

Sidan Jemal fekk avslag på søknaden i sommar har det kome nye rapportar om situasjonen for kristne konvertittar i Iran. I ein ny rapport frå FN blir det hevda at situasjonen har forverra seg.

Det styrkar saka til Jemal, seier advokaten.

Knut Olaf Eldhuset

Knut Eldhuset er advokaten til Jemal.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Nye rapportar frå seriøst hald viser at det no er nok å vera konvertitt for å bli forfølgt i Iran, ein må ikkje i tillegg ha utført rekrutterande og misjonerande verksemd, seier Eldhuset.

Advokaten har fire-fem andre konvertittsaker som skal opp i retten til neste år.

– Jemal si sak er ei prinsipielt viktig sak, fordi det er den første som kjem opp for retten etter at dei nye rapportane kom. Difor kan denne saka ha betydning for andre liknande saker, seier Eldhuset.

Granskar praksisen

Men det kan også skje endringar før saka til Jemal kjem opp. Fordi eit uavhengig utval, på oppdrag frå Regjeringa, ser no på praktiseringa av å sende konvertittar tilbake til Iran og granskar om den strir med FNs høykommissær for flyktningar sine retningsliner og EU sitt statusdirektiv.

Konklusjonen deira skal etter planen vera klar 31. desember i år. Det kan også ha betydning for saka til Jemal, fortel Eldhuset.

– Det blir veldig spanande å høyre kva dei kjem fram til. I beste fall så kan me trekke søksmålet tilbake, seier Eldhuset.