Hopp til innhold

Haugesund utvidar skjenkeområde trass høgt smittetal i området

Sikkerheitsansvarleg for Sildajazz er kritisk til at politikarane vel å auke skjenkeområdet til helga.

Haugesund kai

Politikarane i Haugesund har stengd av kaiområdet til helga under Sildajazz. Med det blir det eit større skjenkeområde, og meir plass til folk.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

I dag starta jazzfestivalen Sildajazz i Haugesund. Politikarane i kommunen har i den anledning stengt av kaia i sentrum for å utvide skjenkeområdet.

Dette til trass for at det for ti dagar sidan kom eit nytt smitteutbrot i Haugesund. Per i dag har 29 personar fått påvist smitte etter utbrotet: 12 i Haugesund, 16 i Sveio, og 1 på Askøy. Dei siste to dagane er det oppdaga 94 nye smittetilfelle i landet.

– Me har ingenting med dette å gjere

– Det er fint av kommunen å gjere det, men dei kunne heller gjort det neste helg, seier sikkerheitsansvarleg for Sildajazz, Per Arne Lindvik.

Dei har ikkje sett inn noko ekstra sikkerheitsberedskap i år, og han reagerer derfor på at utvidinga skjer akkurat denne helga.

Sikkerheitsansvarleg i Sildajazz Per Arne Lindvik

Per Arne Lindvik er ansvarleg for sikkerheita under Sildajazz. Han hadde håpt at utvidinga av skjenkeområdet heller skjedde neste veke.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Festivalen har i år ein eigen smittevernplan, og har berre sitjekonsertar, skjenking ved bord, og skal passe på at folk held god avstand. Lindvik seier dei berre ønskjer kontrollerte arrangement.

– Viss det skjer noko på kaia og det blir meir smitte, så kjem det til å bli knytte opp mot Sildajazz, men me har ingenting med utvidinga av skjenkeområdet å gjere. Me får berre håpe at dei som er ansvarlege for dette tek dei forholdsreglane som trengst, seier han.

Ikkje ekstra beredskap

Frå torsdag til søndag er det meldt finvêr og høge temperaturar i byen. Torgeir Haugen, seksjonsleiar for teknisk eining i Haugesund kommune, trur likevel ikkje det kjem alt for mange folk.

– Sildajazz gjekk tidleg ut og sa at dei ikkje kom til å bruke indre kai i år, så då trur me ikkje det kjem like mykje folk som det pleier.

Han seier at det derfor er kommunen som tek avgjerdene rundt kaien. Dei kjem heller ikkje til å setje inn meir beredskap enn vanleg.

– Det er dei som driv utestadene som har ansvar, og det har dei hatt heile tida. At me no opnar eit større område går på at dei har hatt mindre areal på grunn av avstandsreglane. At dei no får litt uteservering utan tak kan kompensere for det dei har mista.

Vil ha god plass til alle

Bjørn Gerry Viksund, dagleg leiar i Inventum som driv fleire av uteplassane langs kaia, seier dei på grunn av festivalveka ønskjer større plass for å få inn fleire folk.

– Me skal ha god plass til alle saman slik dei kan halde god avstand.

Bjørn Gerry Viksund

Bjørn Gerry Viksund ved Inventum trur det blir mykje folk i Haugesund i helga, og då er det viktig med større plass.

Foto: Lene Granli / NRK

Han forstår ikkje kvifor Sildajazz uttrykkjer uro over skjenkeutvidinga.

– Dei har jo ikkje noko med dette å gjere. Folk samlar seg på kjøpesenter og på IKEA, og smitteutbrot kan kome mange plassar. Me har gode smittevernreglar. Og kva som skjer på kaia i Haugesund har ikkje Sildajazz noko med.

Flere nyheter fra Rogaland