9362 registrerte koronatilfelle i Noreg – igjen er trenden aukande

Dei siste to dagane er det oppdaga 94 nye smittetilfelle. Trenden er aukande for første gong sidan april, skriv VG.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det var registrert 9362 tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt natt til onsdag, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

Det siste døgnet er det oppdaga 28 nye tilfelle, ifølgje førebelse tal henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS). Dei siste to dagane er auken på 94 tilfelle.

VGs utrekningar viser at trenden er stigande for første gongen sidan 3. april. Frå 14. mai og fram til nå har kurva vore flat. Men no peikar pilen oppover igjen.

Tolv koronasmitta pasientar var innlagde på norske sjukehus tysdag, to færre enn måndag. Éin pasient får respiratorbehandling, viser tal frå Helsedirektoratet.

FHI har registrert 256 koronarelaterte dødsfall her i landet.

Status Norge

Sist oppdatert: 20.09.2020
735
Siste uke
16
Innlagt
267
Døde

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger