Hopp til innhold

Kolskofferten får leva i tre nye år

Stavanger universitetssjukehus (SUS) ønskjer å vidareutvikla kolskoffertprosjektet i Dalane med tre nye år. Nå er det søkt om pengar til forsking for å gjera prosjektet endå betre.

Anne Lise Selbak

Anne Lise Selbak er ein av 250 pasientar som får behandling for kols i Rogaland. Ho takkar kolskofferten for god hjelp.

Foto: Øystein Ellingsen

– Det har vore så bra at det er vanskeleg å beskriva. Den har hjelpt meg utruleg mykje, seier Anne Lise Selbak om kolskofferten.

Selbakk ventar på å få nye lunger, og er ein av 250 pasientar som får behandling for kols i Rogaland.

– Trygt med kolskofferten

Kolskofferten er ei spesialbygd berbar datamaskin, kor pasientane kan kommunisera med helsepersonell via bilete og lyd direkte frå heimane sine.

Det har vore ein stor kamp for å bevara kolskofferten. 1. mars var det kroken på døra for heile kols-prosjektet. Men Helse Vest fann pengar i siste liten, og pasientane fekk behalda kolskofferten ut året.

Johannes Bergsåker Aspøy

Johannes Bergsåker Aspøy.

Foto: Øystein Ellingsen

Nå ser det ut til at kofferten får endå lenger levetid ved Dalane distriktsmedisinske senter. Til glede for kolspasient Anne Lise Selbak.

– Det har vore så trygt å ha kofferten i heimen. Direktekontakten med helsepersonell har gjort livet lettare å leva medan eg har venta, seier ho.

Les også: Ba Støre redde «Kolskofferten»

Positive erfaringar

I løpet av dei tre åra kolskofferten har vore i bruk har talet på sjukehusinnleggingar gått kraftig ned, fortel avdelingsoverlege Johannes Bergsåker Aspøy ved SUS, medisinsk divisjon, avdeling Dalane distriktsmedisinske senter.

– Ja, det er ein betydeleg reduksjon i talet på liggedøgn for kolspasientane, fortel avdelingsoverlegen.

Håpet er også å redusera talet på re-innleggingar på sjukehus. Dette for å spara både pasientane og helsevesenet.

Dette skal det forskast vidare på i det nye kols-prosjektet som etter planen skal starta frå 1. januar 2014.

– Me har søkt om forskingsmidlar til dette gjennom Helse Vest. Resultatet på søknaden får me i slutten av november, seier Bergsåker Aspøy.