Vegen er open
Politiet melder nå at vegen er heilt open på Åsarøy i Suldal etter eit trafikkuhell. Tre personar måtte fraktast til sjukehus etter uhellet.
Politiet melder nå at vegen er heilt open på Åsarøy i Suldal etter eit trafikkuhell. Tre personar måtte fraktast til sjukehus etter uhellet.
Trafikkuhellet i Suldal var ei påkøyrsle bakfrå. Ei 73 år gamal kvinne er tatt med til Stavanger universitetssjukehus i luftambulanse. Vegen er nå open i eitt felt, opplyser politiet.
Ei eldre dame melder om smerte i brystet og ein ungdom har fått kutt i hovudet etter kollisjonen på fv. 46 i Suldal. Vegen vil vera stengt heilt til bilane er fjerna.
Det er fem personar involvert i kollisjonen som har skjedd på fv. 46 i Suldal. Tilstanden til personane er ukjent. Totalt var det to personbilar og ein betongbil involvert i kollisjonen. Det er mykje kø på staden, etter at vegen blei stengt.
Politiet har sperra av vegen etter kollisjonen i Suldal. Dei to bilane har krasja ved Åsarøy, nokre kilometer frå Sandsfjordbrua.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.