Klungland, som kom til som operativ uteleiar for politiet under ranet, var utstyrt med eit maskinpistol av typen mp5.
- Dette låg ved sidan av han i setet, sa politimeister Olav Sønderland på pressekonferansen onsdag ettermiddag.
Klungland var og utstyrt med vernevest i tråd med instruksen, sa Sønderland.
Politiet har tidlegare sagt at Klungland ikkje brukte våpenet eller viste det på nokon måte, og visepolitimeister Arne Hammersmark har kalla drapet ei rein avretting.
Sønderland sa på pressekonferansen i dag at Klungland hadde føld instruksen og stoppa eit stykke unna åstaden for å kunna vera litt tilbaketrukken og kunne observera.
- Dette rakk han ikkje, han vart skoten av ein som var plassert, kanskje for å kunna ta seg av politi på langt hold, sa Sønderland.