Hopp til innhold

Folk i Lund kan få 20 mil til næraste sjukehus

Mange rogalendingar er frustrerte og sinte over at dei risikerer å mista lokalsjukehuset sitt i Flekkefjord.

Flekkefjord sykehus

Flekkefjord sjukehus kan bli lagt ned. Det fører til store protestar både i Vest-Agder og sør i Rogaland.

Foto: Lars Eie / NRK

Leiinga ved Sørlandet sjukehus vil legga ned fødeavdelinga og akuttmottaket ved Flekkefjord sjukehus.

Helse Sør-Aust vurderer nå eitt stort sjukehus på Sørlandet. Dette vekkjer sterke reaksjonar heilt sør i Rogaland.

Rolv Lende

Rolv Lende.

Foto: Øystein Ellingsen

I ettermiddag går folk i fakkeltog for å behalda sjukehuset. Rolv Lende er rådmann i Lund.

– Forsvinn tilbodet, må me til Stavanger. Det tar ein og ein halv time med bil. Dei som bur ved Vest-Agder-grensa må heilt til Lillesand, noko som tar to timar, seier han.

LES OGSÅ: – Hadde vært død uten lokalsykehuset

– Viktig for oss i Lund

Berit Midtbøe Kopperud

Berit Midtbøe Kopperud.

Foto: Øystein Ellingsen

Sjølv om lokalsjukehuset i Flekkefjord ligg i Vest-Agder, er det svært viktig for mange rogalanedingar. 80 prosent av alle sjukehusinnleggingar frå Lund kommune går til Flekkefjord sjukehus, ifølge rådmannen.

– Sjukehuset i Flekkefjord har i alle år vore veldig viktig for folk i Lund. Derfor reagerer folk på at føden og akutten kan bli lagt ned, seier han.

Kvart år kjem om lag 400 barn til verda på fødeavdelinga i Flekkefjord. Mange i sørfylket vel å føda her i staden for på Stavanger universitetssjukehus.

– Gir tryggleik til fødande

Lokalsjukehuset i Flekkefjord er også viktig for folk i Eigersund og Sokndal. Også her mobiliserer dei før fakkeltoget og folkemøtet i kveld. Berit Midtbøe Kopperud tok initiativet i Sokndal.

– Sjukehuset i Flekkefjord gir tryggleik til dei fødande kvinnene i regionen. Fødeavdelinga er også kjent for svært høg kvalitet, seier ho.

Ordførar i Eigersund, Leif Erik Egaas, skal også gå i fakkeltog.

– Både fødeavdelinga og akutten i Flekkefjord er uhyre viktig, derfor støttar eg fakkelaksjonen fullt ut.

  • SJÅ TV-REPORTASJE OM DEI SOM KJEMPAR FOR LOKALSJUKEHUSET:
Folk kjemper for lokalsjukehuset i Flekkefjord.