Hopp til innhold

Knallhard kamp om drosjehaldeplassane

Dagens drosjesjåførar slåst om å få plass på dei 40 haldeplassane i stavangerdistriktet. – Ein må doble talet på haldeplassar, meiner Svein Svimbil, leiar i Stavanger Taxi.

Taxier Stavanger

HARD KAMP: Drosjane i Stavangerområdet må kjempa om å få stå på drosjehaldeplassane. (Arkivfoto)

Foto: Stian Skjerping

Svein Svimbil

– FLEIRE HALDEPLASSAR NO: Svein Svimbil, leiar i Stavanger Taxi.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Medan fylkeskommunen avgjer kor mange drosjeløyve det skal vera, er det kommunane som skal sørgja for nok haldeplassar til drosjane.

– Situasjonen er uhaldbar, særleg i Stavanger, meiner Svein Svimbil, leiar i Stavanger Taxi.

I dag må drosjesjåførane slåst om haldeplassane. Svimbil meiner kommunen må dobla talet på haldeplassar.

– Ofte er det hard kamp om plassane. Av og til kan det vera at dei stiller seg ein stad dei veit at det strengt tatt ikkje er heilt lovleg å stå. Politiet vore ganske fleksible på det området, men dei har også varsla at dei vil slå ned meir på dette i framtida, så problemet veks kvar dag, seier han.

– Oppstår trafikkfarlege situasjonar

Kristian Johansen

KRITISK: Leiar for ordensavdelinga ved Stavanger politistasjon, Kristian Johansen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Politiet meiner også at situasjonen i Stavanger sentrum er under ein kvar kritikk.

– Det er veldig mange drosjar som står på drosjehaldeplassane framfor Atlantic Hotell, og det oppstår tidvis trafikkfarlege situasjonar fordi det er veldig mange folk som går der også, seier Kristian Johansen, leiar for ordensavdelinga ved Stavanger politistasjon.

Mangel på haldeplassar har også miljømessige konsekvensar, meiner Svimbil.

– Drosjane køyrer rundt for å prøva å finna seg ein plass, og det er veldig lite miljøvenleg. Dei burde stått i ro, skrudd av motoren og venta på kundane.

Kommunen varslar full gjennomgang

Helge Solum Larsen

VARSLAR GJENNOMGANG: Helge Solum Larsen, leiar for kommunalutvalet for byutvikling.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Leiar for kommunalutvalet for byutvikling, Helge Solum Larsen, har allereie snakka med administrasjonen for å ei snarleg løysing på situasjonen.

– Når det no kjem såpass mange fleire løyve, altså fysisk fleire bilar på vegane, så er det klart at då må me ha ein full gjennomgang av heile haldeplassituasjonen i kommunen. Me må sjå på korleis me kan få opp talet på haldeplassar, fordi me kan ikkje ha ein situasjon der det er vanskeleg å få bilane til å stå i ro, seier Solum Larsen.