NRK Meny
Normal

Jublar over at matjorda blir spart

Jostein Frøyland er glad for at regjeringa sparer jorda på garden hans i samband med utbygginga av Bybåndet Sør i Time kommune.

Jostein Frøyland med matjorda der Time kommune vil bygge boliger

Regjeringa sparer matjorda til Jostein Frøyland, men opnar for understrekar at det ikkje er snakk om eit varig vern av området.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Me er glade og takknemlege. Dette har me kjempa for. Det er for gale å bygga ned matjord som har vore dyrka i tusenvis av år, seier Jostein Frøyland til NRK.

I dag blei det klart at kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner delar av bustadområde i den interkommunale kommunedelplanen for Bybåndet sør i Time kommune. Det godkjende området utgjer 63 mål.

– Dette er i tråd med kva landbruksdepartementet og Sylvi Listhaug innstilte på. Garden vår blir spart, mens naboane får bygga ut sine delar slik dei ønska i Bybåndet Sør, forklarer Frøyland.

350 mål matjord

I oktober i fjor hadde Frøyland besøk av ein delegasjon frå landbruksdepartementet og kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei var på synfaring for å vega jordvern mot kommunane sine ønske om utbygging av Bybåndet Sør på 350 mål matjord på Frøyland i Time kommune.

Fest for frivillige

Magnhild Meltveit, fylkesmann i Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Sandnes, Time, Klepp og fylkeskommunen vil bygga bustadar på Frøyland, men Fylkesmannen vil verna jorda.

Nå har altså kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemt at Frøyland får behalda den 250 mål store garden sin. Dermed støttar departementet store delar av motsegna som Fylkesmannen fremja.

– Det er gledeleg at store delar av Frøyland blir skjerma for utbygging i lang tid, meiner fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho meiner også at dette er eit klart signal til kommunane på Jæren, og i resten av Rogaland, om å halda fast på jordvernet, byggja tettare og ta omsyn til noko av den beste matjorda i landet.

Sanner: – Ikkje varig vern

I tillegg blir det opna for at ein i framtidige planar kan legga ut ytterlegare 273 dekar til bustadbygging, dersom eit auka behov tilseier det. Time kommune har peika på at utbygging i dette området først vil vera aktuelt mot slutten av planperioden.

Kommunalminister Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er positivt at dei tre kommunane Time, Klepp og Sandnes har samarbeidd om arealbruken gjennom ein interkommunal kommunedelplan. Me legg nå til rette for at kommunane kan kome vidare med det viktige arbeidet med byutvikling på Jæren, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Sanner påpeikar likevel at dette ikkje er eit varig vern av området. Dersom eit framtidig auka bustadbehov tilseier det, og krava i dei statlege planretningslinene er oppfylt, kan området vurderast på nytt mot slutten av planperioden, ifølge Sanner.

– Dersom behovet for areal blir større kan det ramma garden min eller det kan opna opp for meir utbygging hos naboane. Framtida vil visa kva som skjer, seier Frøyland.

Jordkamp på Jæren

ARKIV (01.10.2014): Her aksjonerer fleire bønder for at jorda til Jostein Frøyland skal bli bevart. Nå har dei fått viljen sin.