Hopp til innhold

Jonevret: – Eg ønsker Viking lukke til vidare

Viking FK slår i ei pressemelding fast at Kjell Jonevret er ferdig i klubben. Ein ny trenar skal vera på plass innan nokre veker.

Vikingtrener Kjell Jonevret

SISTE KAMP: Kjell Jonevret etter kampen mot Vålerenga for ei veke sidan. Viking tapte 2 – 0.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

– Kjell Jonevret har utan tvil betydd mykje for dei mørkeblå gjennom fleire år i klubben, og me takkar han for innsatsen. Me er nøgde med jobben han har gjort gjennom dei fire siste åra, men me har kome til eit vegskilje nå der det blei naturleg å skilja lag, skriv dagleg leiar i Viking FK, Eirik W. Henningsen, i ei pressemelding.

– Aldri kult å skilja lag frå venar

Det var i førre veke at leiinga blei samde med Jonevret om at han skulle fråtre stillinga med umiddelbar verknad. Det skal ha skjedd etter at dei var samla for å evaluera 2016-sesongen, ein sesong der dei mørkeblå hamna på 8.-plass.

– Det er aldri kult å skilja lag frå venar, men eg trur nok at begge partar er ganske glade for at avgjersla nå er teken, seier Kjell Jonevret til NRK.

I pressemeldinga skriv Henningsen at bakgrunnen for vegskilje er ei totalvurdering av sportslege resultat, økonomiske føresetnader, den vidare utviklinga og sportsleg retning.

– Me har kandidatar til å ta over trenarjobben på blokka, og eg håper at ein ny trenar skal vera på plass innan nokre veker, seier Henningsen, som meiner at Viking framleis er ein attraktiv klubb for trenarar.

Høyr reaksjonen frå Jonevret:

Kjell Jonevret kjem her med sin reaksjon på brotet med Viking. Reporter er Svein Jacob Mathisen.

Har kontrakt

Kjell Jonevret tok over som trenar i Viking sommaren 2012, etter at Åge Hareide fekk sparken. Sommaren 2015 blei kontrakten hans forlenga til å gjelda ut 2018-sesongen. Ifølgje Aftenbladet skal det vera kontraktfesta kva kompensasjon trenaren skal få om avtalen blir avslutta før 2018.

– Eg er glad i byen, klubben og supporterane, og hjarta mitt har blitt mørkeblått. Eg har hatt nokre spanande år i Viking, og ønsker klubben lukke til vidare, seier Kjell Jonevret.

Det har likevel ikkje blitt spesielt mange sportslege oppturar med svensken i trenarstolen. Tre gonger har Stavanger-laget hamna på 5.-plass i eliteserien, elles har dei kome til kvartfinale (2014) og semifinale (2015) i cupen. Med andre ord er det framleis som spelar at Jonevret han har hatt størst grunn til å jubla med Viking, i 1989 slo dei Molde og vann cupen.

Folka som henta den svenske trenaren inn til Viking er alle vekke frå klubben nå, og erstatta med nye folk.

– Då er det naturleg at dei vil setja sitt eige preg på ting, og då er kanskje ikkje eg rett mann. Slik er det alltid i fotball, og det er ikkje eit problem. Det er kanskje berre bra at dei får gjera dette, seier han.

Kjell Jonevret vant cupfinalen med Viking i 1989

1989: Kjell Jonevret då han vann NM i fotball som Viking-spelar.

Foto: NRK

Ny sportsleg retning

Samstundes som Kjell Jonevret sin avgang blir offentleggjort, lanserer styret i Viking ein ny sportsleg retning for framtida.

Den skal handla om ei større satsing på å utvikla spelarar frå eigen region.

– Målet er at 50 prosent av spelarane på A-laget skal koma frå eigne rekker innan 2019. Denne avgjersla er teken både grunna den økonomiske situasjonen i klubben, men også fordi me trur at utvikling av eigne spelarar aukar engasjementet rundt Viking, seier styreleiar Kristin Kragseth.

Jonevret seier at han ikkje har problem med vala som er gjort.

– Dersom eg ikkje passar heilt inn i vegen vidare så er det heilt OK. Det er berre naturleg, seier Jonevret.

Flere nyheter fra Rogaland