Fakta
Pengane rår
Så vart spenninga utløyst til slutt. Etter oppslaga i avisene dei siste dagane har vi levd i skjelvande uvisse om lagnaden til fotballmillionæren frå Lørenskog som visst nok ikkje har hatt det så travelt i Valencia i det siste. Trenaren der nede skal ikkje vera så glad i Carew, har vi forstått. Nå hadde nordmannen sjansen til å skapa seg ein ny karriere i Fulham, men så var det desse pengane.
Valencia i pengeknipe
Carew vart for dyr for Fulham. Valencia ville ha 97 millionar kroner for han, for Valencia er i pengeknipe for tida og treng kontantar for å betala på gjelda. Den skal vera på over ein milliard norske kroner. I ein slik samanheng er sjølvsagt ikkje 97 millionar så mykje å snakka om, men alle monnar drar, og meir kunne dei vel ikkje venta å få for ein spelar som den siste sesongen stort sett har følgt Valencia-kampane frå sidelina og slett ikkje har markert seg på scoringsstatistikken. Dårlege kne har han og, etter det vi har lese i avisene. Men jamvel ein spelar med vonde kne må ha til saltet i maten og bensin til Porschen - med andre ord løn.
Ei høveleg årsløn
"Eg ser ingen grunn til at Carew ikkje skal bli Noregs best betalte fotballspelar," sa agenten. Så i tillegg til overgangssummen har Carew og agenten forhandla med Fulham om ei høveleg årsløn på 28 millionar kroner i fire år framover - med andre ord 112 millionar samanlagt. Skal vi tru meldingane i ettermiddag, ville ikkje Fulham gå med på dette lønskravet frå Carew før Valencia gjekk ned på summen dei kravde. Dermed skar det seg. Andre meldingar fortel at det og kan ha vore noko med legesjekken.
Sliten Carew
Så nå må Carew tilbake til benken i Valencia og dei stakkars millionane han tener der. Det har vore ei dramatisk helg for han, forstår vi. Først harde forhandlingar i London og så på by'n med fotballkollegaene Eirik Bakke og Steffen Iversen. Både Dagbladet og VG melder i dag om ein utsliten Carew. Han har ikkje sove dei siste to dagane, opplyser Dagbladet. "Hjem til mamma", fortel begge avisene, for Carew tok omvegen om Lørenskog på vegen tilbake til Valencia. Vi får vona at mamma har greid å trøysta den utslitne sonen. Han får nok ein ny sjanse på millionkarusellen.