Så langt er det teke prøvar i ni butikkar, og arbeidet held fram i dag.
Næringsmiddelinspektør Gyri Espeland seier ho ikkje trur dei finn legionellabakteriar i desse anlegga, som og vart testa ved legionellatilfellet i juli.
Det er smittevernoverlege Max Jens Holm som har bede om testane.
Legionellabakterien
Smitta i august
Dei to mennene som er smitta av legionella-bakterien er truleg smitta i slutten av august. Det meiner Folkehelseinstituttet.
Det har vore 11 tilfelle av legionella her i landet til no i år.
Seks er smitta utanlands, tre i Stavanger og Sandnes, ein person i Bergen og i eit tilfelle var det umogleg å sei kvar i landet personen var smitta.
Fire telefonar
Kontakttelefonen mot legionellafrykt hadde fire telefonar frå folk som var redde for legionella i går ettermiddag og kveld. Tenesta er oppretta av Stavanger kommune.
- Det er helst folk som har snev av ein forkjølelse og som ellers hadde kontakta legen sin, som ringte i går, seier vakthavande smittehelsesøster Hilde Thorsen.