Hopp til innhold

Foreldra som mista sonen i narkose meiner kommunikasjonen med sjukehuset svikta

Guten som mista livet i narkose på Stavanger universitetssjukehus hadde ein underliggande sjukdom. Foreldra meiner dei ikkje blei høyrt då dei ba om tolk.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

ØNSKTE TOLK: Foreldra til guten som mista livet i narkose sist veke hadde bede om tolk, seier bistandsadvokaten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Tidlegare har dei opplevd kommunikasjonen med sjukehuset som svært god. Denne gongen var det dessverre ikkje slik, seier Anne Kroken.

Ho er bistandsadvokaten til familien som mista guten sin i narkose sist tysdag.

Guten hadde ein underliggande sjukdom som gjorde at ein måtte ta særskilde omsyn ved bruk av narkose, ifølge advokaten.

Anne Kroken, advokat

Bistandsadvokat Anne Kroken.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Seier dei bad om tolk

Ifølge Kroken skal familien ha bede om tolk då norsk ikkje er morsmålet deira. Dette har dei hatt på sjukehuset tidlegare.

– Dei bad om tolk, men blei fortalt at det ikkje var nødvendig, seier Kroken.

Måndag var foreldra i møte med sjukehuset. Her fekk dei nokre svar.

– Eg trur familien følte det var godt å få dette møtet. Dei har fått noko informasjon, men dei har ei rekke spørsmål som ikkje er svara på og ikkje kan svarast på ennå, seier advokaten.

Klinikksjefen: – Det verst tenkelege

Klinikksjef på SUS, Geir Lende, skriv dette i ein kommentar til NRK:

– Familien har opplevd det verst tenkelege foreldre kan oppleve. Vi forstår veldig godt at dei har mange spørsmål rundt det som har skjedd.

Geir Lende, Klinikksjef ved Stavanger universitetssjukehus.

Klinikksjef på SUS, Geir Lende.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Lende seier sjukehuset vil legge til rette for at alle forhold blir belyst når saka nå blir etterforska av politiet og det blir gjort tilsyn av Statsforvaltaren.

Utover dette vil ikkje SUS seie meir om saka nå.