NRK Meny
Normal

Ingen stor støtte til Storhaug-demo

Nye SOS Rasisme fekk ikkje med seg meir enn ei handfull personar i demonstrasjonen mot forfattar Hege Storhaug. Demonstrantane skuldar Storhaug for mobbing og hets.

Demonstrasjon Stavanger

Fem personar i Nye SOS Rasime demonstrerte laurdag mot at Hege Storhaug blei invitert som hovudinnleiar til ein verdidebatt i Stavanger.

Foto: Arild Eskeland

Hege Storhaug var hovudinnleiar på ein debatt på kafeen Sting i Stavanger laurdag ettermiddag. Tema for debatten arrangert av Kåkå Kverulantkatedralen var «verdiforflytninger som følge av folkeforflytninger».

I forkant av debatten stilte Nye SOS Rasisme Stavanger seg opp framføre debattlokalet. Dei kom med krasse skuldingar mot hovudinnleiaren.

– Me meiner det blir feil å ha ein debatt med ein person som demoniserer muslimar og islam. Hege Storhaug skriv mange rasistiske bøker, ho driv rasistisk hets og mobbing mot muslimar og det er ikkje greitt at ho får ein talarstol her i dag, seier leiar av Nye SOS Rasime Stavanger, Nina Narvestad.

– Hat og stigmatisering

Saman med fire andre ungdommar demonstrerte ho med eit banner med teksten: «Ingen talerstol for rasisme! Hege Storhaug ut av Stavanger!»

– Men er det ikkje ytringsfridom i Norge, Narvestad?

– Rasisme har ingenting med ytringsfridom å gjera. Rasisme er ulovleg i forhold til norsk lov. Hets og mobbing er ikkje ytringar, det er hat og stigmatisering.

(Artikkelen held fram under videoen).

Demonstrasjon mot Hege Storhaug

VIDEO: Sjå intervju med leiaren av Nye SOS Rasisme Stavanger og Hege Storhaug.

– Litt stakkarsleg

Storhaug har vore kontroversiell på grunn av sine meiningar og utsegner om islam, og kom i 2015 ut med boka «Islam – den 11. landeplage».

I fjor blei planlagde boksigneringar og føredrag avlyst på grunn av omsyn til tryggleiken hennar.

Storhaug blei i 2015 også nokre timar kasta ut av Facebook etter at fleire hadde rapportert inn profilen hennar. Facebook kunne ikkje forklara kvifor, men det blei spekulert i at ei gruppe personar gjennomførte ein aksjon for å stenga profilen hennar.

Demonstrasjonen laurdag tar hovudpersonen sjølv med knusande ro.

– Eg synst vel dette er litt stakkarsleg. Men dei har lov til dette, me har ytringsfridom i Norge, seier Hege Storhaug.

Ho seier ho blant anna promoterer likeverd mellom alle menneske, uansett etnisk bakgrunn.

– Ytterleggåande SOS Rasisme har jo eit forklaringsproblem, men det er heilt greitt. Eg gler meg til debatten. Demonstrasjonen er det vanskeleg å ta på alvor.

Då debatten tok til klokka 14 var det kome nokre fleire demonstrantar enn det NRK tok bilete av klokka 13.30.