Hopp til innhold

Ukjent kaps funnen saman med tinga til Marie

SØR-AFRIKA/STAVANGER: Marie Sæther Østbø skal ikkje ha hatt kaps på seg då ho gjekk ned til stranda i Sedgefield i Sør-Afrika. Likevel blei det funne ein kaps saman med eigendelane hennar.

Marie Sæther Østbø forsvant fra en strand i Sør-Afrika

Politiet leter etter Marie Sæther Østbø.

Det kjem stadig fram ny informasjon etter at Marie Sæther Østbø frå Stavanger blei meldt sakna frå Myoli Beach i Sedgefield i Sør-Afrika onsdag kveld.

Kapsen som blei funne på stranda rett ved mobiltelefonen og skoa til Marie, er truleg ikkje Marie sin, slik politiet tidlegare har opplyst.

– Ho hadde ingen kaps på overvakingskameraet, seier talsmann for politiet, Malcom Pojie, til NRK fredag føremiddag.

– Kvar blei kapsen funnen?

– Den låg saman med telefonen og skoa hennar. Alt samla i fin orden, seier Pojie.

Vegen ned til stranda

Eit overvakingskamera fanga opp at Marie Sæther Østbø gjekk åleine ned til stranda på denne vegen klokka 18.40 på onsdag.

Foto: Ida Titlestad Dahlback / NRK

To menn på stranda

Ifølgje kjelder NRK har snakka med, så har dette overvakingskamera fanga opp at Østbø gjekk åleine ned til stranda frå herberget Afrovibe klokka 18.40. Like før dette, skal også ein joggande mann med hund og ein fiskar ha gått ned same veg.

Marie Sæther Østbø forsvant fra en strand i Sør-Afrika

Politiet leter etter Marie Sæther Østbø.

Politiet bekreftar berre informasjonen om Marie.

– Det einaste me kan konkludera med er at ho gjekk ned mot stranda åleine frå herberget, seier talsmann for politiet til NRK.

Marie Sæther Østbø

Sea Rescue South Africa etterlyser Marie på nettsidene sine med dette bilete.

Foto: Sea Rescue South Africa

Fryktar ho er bortført

Sofie Ryan Øye, som før jul reiste på ferie med Marie til Marokko, seier til NRK at ho håper det beste, men fryktar at Marie er bortført frå stranda av ein framand.

Ein av teoriane politiet jobbar ut frå er bortføring, den andre er at ho kan ha blitt tatt av bølgjene.

– Marie var så fornuftig og forsiktig av seg. Eg har ingen grunn til å tro at ho har gått ut i sjøen for å svømme. I verste fall har ho vassa og så blitt dratt ut med straumen. Eg håper me snart får eit svar, seier ho.

Ifølgje politiet er Sedgefield ein trygg by.

– Byen er kjent som ein fredeleg by der nesten alle kjenner alle, seier Pojie.

Fredag ettermiddag konsentrerte politiet om eit område på fire kilometer langs stranda. Ifølge politiet er det farlege understrømmer i sjøen.

Var på ferietur

Marie Sæther Østbø studerer eigentleg ved Universitetet i Agder, men følgjer eit årsstudium i statsvitskap i Toulouse i Frankrike.

Ho har pause i studiane og skulle på ferietur saman med ei meksikansk studieveninne til Sør-Afrika. Onsdag kom dei til Sedgefield. Her var dei saman med fleire andre internasjonale studentar som dei har møtt på turen.

Ho gjekk åleine ned til stranda onsdag kveld, då ho ikkje kom tilbake, blei ho meldt sakna.

NRK har vore i kontakt med den meksikanske venninna som seier ho har det veldig tungt akkurat nå. Ho ønskjer ikkje å la seg intervjua. Venninna har førebels blitt att i Sedgefield for å hjelpa politiet med opplysningar om Marie.

Politiet har funne eit par sko, ein kaps og ein mobiltelefon på stranda. Politiet har tidlegare opplyst at desse tinga var Marie Sæther Østbø sine, men bekreftar altså fredag føremiddag at kapsen truleg ikkje var Marie sin.

Sjå NRK sin reporter i Sør-Afrika, Ida Titlestad Dahlback, sin rapport frå Sedgefield i Sør-Afrika i 12-tida fredag.

– Leiter overalt

Klokka seks fredag morgon var både kystvakta og politiet i gang igjen med søket etter å ha hatt ein pause om natta.

– Me leiter med stor styrke. Både helikopter, hundepatruljar og dykkarar leiter etter norske Marie Sæther Østbø, seier konstabel Thimiana Notuku ved den lokale politistasjonen i Sedgefield.

I tillegg er eit helikopter involvert i søket og ulike grupper som «Neighbourhood Watch members» og «NSRI Wilderness crew».

Det er lagt ut følgjande bilete frå leiteaksjonen på Twitter.

– Kvar leiter de?

– På stranda og i havet. Me leiter overalt, svarer han.

Notuku opplyser at det førebels ikkje har kome noko nytt om kvar Marie Sæther Østbø kan vera.

Laster Twitter-innhold

To teoriar

Far til Marie sa følgjande til NRK i går kveld.

– Kystvakta jobbar ut frå to teoriar. Enten har Marie lagt på svøm og blitt dratt ut av understraumar, eller så har ho blitt tatt derfrå ufrivillig, sa far Atle Østbø til NRK torsdag kveld.

Ifølgje politiet kan det av og til vera røff sjø i området, men at dei ikkje kan gå ut frå at ho gjekk ut i sjøen. Onsdag kveld skal det ha vore uvêr med store bølger. Faren trur likevel ikkje at Marie har gått ut i sjøen, då ho skal ha god erfaring med å vurdera forholda.

– Me held alle moglegheiter opne, seier Kystvakta sin pressetalsmann Craig Lambinon.

I ei pressemelding dei har sendt ut, opplyser dei om at turgruppa får hjelp og støtte og at styresmaktene i Sør-Afrika har kontakt med den norske familien, samt den norske ambassaden i Sør-Afrika.

UD opplyser til NRK at dei har tilbode dei lokale styresmaktene konsulær bistand til dei pårørande.

Følgjer opp medstudentar

Marie Sæther Østbø er student ved Universitetet i Agder og tar ein bachelorgrad i statsvitskap på andre året. Studieåret 2017–2018 er ho på utveksling til Sciences Po Toulouse i Frankrike. Det var under ein feriereise til Sør-Afrika at ho forsvann.

– Universitetets viktigaste oppgåve nå er å hjelpe til med informasjon til medstudentar og sørge for god oppfølging av de involverte. UiA har også kontakt med pårørande og har også nær kontakt med våre internasjonale partnarar, opplyser kommunikasjonsdirektør Paal Pedersen ved UiA. I Toulouse har Maries medstudentar for tida ferie frå studiane.

Marie Sæther Østbø har vore sakna i Sør-Afrika sidan onsdag kveld.