Hopp til innhold

Same dagen dei aksjonerte på Stortinget gjekk nok eit ras – men ingen nye løfter kom

460 kilometer og sju timar i buss for å aksjonere utanfor Stortinget, samstundes som det gjekk eit ras over vegen i heimkommunen. Likevel lovar politikarane ingenting.

Suldal-opprør

Over 50 personar hadde reist frå Suldal til Løvebakken for å demonstrere for betre rassikring.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Over 270 ras og skred har gått over vegen dei siste 11 åra.

Det er nesten eitt ras annakvar veke.

Både vaksne og ungar fryktar for livet når dei køyrer der. Foreldre nektar barnehagebarn å reise på bading, for då må dei ta buss forbi rasstaden.

No har suldølane fått nok og i dag demonstrerte dei utanfor Stortinget.

Men framleis er ingenting planlagt skikkeleg betra før 2026 for riksveg 13 mellom Erfjord og Sand

Strekninga er stemt fram som Noregs tredje verste veg i ei kåring NRK stod bak i 2018.

Kartet viser dei største rasa som har gått på riksveg 13 i Suldal dei siste åra.
Raset som gjekk 28. oktober 2021 var eit av dei aller største.
Ras på Riksveg 13
28. oktober i 10-tida
Den største steinblokka vog om lag 80 tonn. Det var nære på for bilar på begge sider av raset.

Frå Suldal til Stortinget

Tysdag morgon sette ein full buss ut frå Suldal i Rogaland med retning Løvebakken og Stortinget.

Her var både pensjonistar, folk som hadde teke seg fri frå jobb og ungar som valde demonstrering heller enn å gå på skulen.

Suldal-opprør

Vel 50 demonstrantar tok oppstilling utanfor Stortinget med både flagg, banner og song.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eg vert redd når eg sit i bussen og tenkjer på at det kanskje kjem ein stor stein dettande, seier Storm Vadla.

Han er ungdomsskuleelev og må difor ta buss langs vegen kvar dag.

– Vi kan ikkje ha det slik. Vi er redde heile tida, for ungane og for oss sjølve, seier Anne Hiim.

Etter bussen hadde sett ut mot hovudstaden gjekk nok eit ras i heimkommunen, på berykta riksveg 13.

Lite skred over Rv13

Tysdag morgon gjekk nok eit skred over Rv13 – samstundes som bussen med demonstrantar køyrde mot Oslo.

Foto: NRK-tipsar

Foreldre nektar ungar å bade

For ein månad sidan gjekk eitt av dei største rasa nokosinne på riksvegen.

Om lag då raset gjekk, i 10-tida, skulle eigentleg ein buss med barnehagebarn vore på veg til bading.

Men kvelden før avlyste foreldra badinga.

Og no har dei fått nok av rasfaren. Det har resultert i at det ikkje har blitt meir bading i Suldal bad dette året.

– Foreldra er jo blitt redde, særleg etter den svære blokka kom, seier Gerd Kolstø, einingsleiar ved Stølane barnehage.

Ingen nye løfter

Ingrid Fiskaa (Sv), Terje Halleland (Frp), Geir Pollestad (Sp) og Mímir Kristjánsson (R) møtte demonstrantane utanfor tinget.

I tillegg var alle stortingsrepresentantar frå Rogaland Høyre til stades.

Demonstrantane som kjem frå deira eige fylke.

Alle synte støtte til suldølane og håpa på fortgang i rassikringa.

– Dette er eit spørsmål om liv og død før eller seinare, sa Kristjánsson.

Men ingen av dei folkevalde kunne legge pengar på bordet eller love at vegen skulle bli tryggare å ferdast på.

Suldal-opprør

Neste år byrjar Malin Skjerahaug (t.v.) på ungdomsskulen. Då må ho køyre rasvegen kvar dag. Difor reiste ho til Oslo for å demonstrere.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Det suldølane no set sin lit til er at Sosialistisk Venstreparti får gjennomslag i budsjettforhandlingane før jul og dermed får pengar på bordet for raskare rassikring i rogalandskommunen.