Fakta
Dagleg leiar i Bryne fotballklubb, Per Undheim, sa til NRK i går kveld at han håper problema er løyst i løpet av dagen, men styreleiar i Bryne ASA, Ole Terje Strøm, er mindre optimistisk.
Lokale investorar er på veg inn med opptil ein million kroner, men Strøm seier at klubben først må skaffa ein millionar kroner frå anna hald. Det vil sei frå lånegjevarar eller eksterne sponsorar, men klubben jobbar først og fremst lokalt, seier Strøm.
Strøm understrekar at det ikkje er ei endeleg løysing ennå.
Klubben treng to millionar kroner for å komma over denne kneika. Av dette er 1,3 millionar kroner feriepengar og arbeidsgjevaravgift.
Dersom ikkje Bryne klarer å løysa pengeproblema innan 15. juli vert spelarane fristilte frå kontrakten sin, men Strøm håper at dei slepp å senda spelarane og andre tilsette avgårde utan dei feriepengane dei har krav på. Frå før har dei fått utbetalt 15 000 kroner kvar.
Kneik i juni
Dersom Bryne kjem seg over denne kneika, har dei langt betre månader i vente.
- I juli forfell ein del sponsorinntekter, og vi har ein del heimekampar fram mot august, så det verste problemet er kortsiktig, seier Strøm.
Men utpå hausten skal Bryne overtyda fotballforbundet om at klubben fortener fornya profflisens.
- Den spøker i bakhovudet den og, utan at det er det vi tenker mest på no, seier Per Undheim.